Faksimilearkiva

Faksimilearkiva

Fleire av kortarkiva som er konvertert er blitt skanna og bileta av setlane er lagra digitalt. Førebels er ikkje den innskrivne informasjonen søkbar, men det er mogleg å bla i dei digitale setlane.

Biletarkivet er førebels berre ordna i katalogar og underkatalogar. Ein får opp ei oversikt over katalogane og biletfilene som gjeld det aktuelle arkivet. Ved å klikke på ein katalog, får ein opp alle underkatalogar og filer. Ved å klikke på ei fil, få ein opp eit bilete av setelen.

Arkiva er skanna i same rekkefølga som dei er organisert i setelskuffane. Dette gjer det mogleg å leite seg fram i arkiva.

Det første ein må gjere for å sjå setlane er å velge format. Dersom ein ikkje har eit spesielt framvisingsprogram for bilete, er sannsynlegvis det beste formatet JPEG. Sjå elles sida vår for spesielle program- og maskinkrav.

Meir informasjon om dei einskilde arkiva finn du her

Rapporter feil eller problem til feilmelding@dokpro.uio.no


Sist oppdatert 27. august 2022 av Christian-Emil Ore