Digitalarkivet | Om Regesta Norvegica | Navne- og sakregister | Søk i Regesta Norvegica | Hjelp | Kontakt

Regesta Norvegica

Forord bind 6 s. 5


 

Forord

Arbeidet med band VI av Regesta Norvegica tok til i 1968, på same tid som arbeidet med banda I-V kom i gang. Ansvarleg redaktør var dosent Halvard Bjørkvik ved Norges lærerhøgskole i Trondheim. Som registrator vart tilsett høgskolelektor Steinar Supphellen, som hadde registreringsarbeidet som ein del av pliktene sine for Historisk institutt ved Høgskolen fram til våren 1972. Arbeidet vart ført vidare av vitskapleg assistent Tormod Hægeland frå hausten 1972 til våren 1975, med halv løn frå NAVF og halv løn frå Universitetet i Trondheim. Dei latinske breva vart registrerte av høgskolelektor Torolf Almo. Arnved Nedkvitne bidrog med eit 70-tal regestar av tyske og engelske dokument.

Regestarbeidet vart avslutta våren 1974, men det baud på problem med å få passa prosjektet inn ved EDB-senteret i Bergen, slik at satsarbeidet kom til å ta mykje lengre tid enn planlagt. Nye problem kom til da både Bjørkvik og Hægeland gjekk over i nye stillingar og reiste frå Trondheim i 1975. Arbeidet med korrekturlesing og utarbeiding av register vart deretter teke over av vitskapleg assistent Helge Salvesen, cand mag Halvor Gåra og statsstipendiat Nils Hallan, sistnemnde vart også engasjert til å gå gjennom manuskriptet med sikte på kontroll og ajourføring.

Under arbeidet med band VI har Bjørkvik peika på ein del vanskar med å få sluttført redaksjonen på ein tilfredsstillande måte. Retningslinene var ikkje heilt fastlagde da den endelege redaksjonen skulle gjennomførast. Opplysningane om arkivsignatur var heller ikke så fullstendige og ajourførte som ein kunne ønskje. For tyske arkiv var forholda svært uklåre, og det var vanskeleg å få sikre opplysningar om arkivplasseringa. Det same kunne også gjelde for dei pavelege arkiva. Dessutan blei det peika på at mange av dei kjeldepublikasjonane som skulle liggje til grunn for dette bandet, var av eldre dato, d v s at dei arkivsignaturane desse publikasjonane opererte med, ikkje lenger var gjeldande. I tillegg til dette synte det seg at det var meir materiale å hente frå utanlandske, særleg tyske arkiv.

Opphavleg var det tanken å prente band VI i 1978. Men ut frå dei merknader og atterhald som vart framførte av redaksjonen, meinte arbeidsutvalet for RN at det var naudsynt å granske manuskriptet på nytt med tanke på suppleringar og oppretting i samsvar med dei reglar som var gjennomførte for dei andre utkomne banda og for dei som var under arbeid. Halvor Kjellberg i Norsk Historisk Kjeldeskrift-institutt fekk til oppgåve å ta seg av dette arbeidet. Han har da nyskrive og omskrive så mykje av manuskriptet at arbeidsutvalet finn det rett at han står som redaktør for band VI. I revisjonsarbeidet har han hatt god hjelp av førsteamanuensane Ferdinand L Næshagen og Odd Sandaaker.

For redaksjonsprinsipp, oppsetting og utval av regester m m, sjå det allmenne forordet i bind II.

 

Oslo
Finn Hødnebø