[BIN: 3275]

Kråkevisa.
Mannen og kråka

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1843 av W.F.K. Christie etter ukjent sanger, Nordmøre, Møre og Romsdal .

1. Bonden i Skogen kom gangande1,
-Tralallala tralallala, -
saa kom der ej Kraaka hoppande,
-Tralallala tralallala, -
1Retta ti: I Skogen ein Bondmann k. g.
2. Saa spændt' han Riffla før sit Kne
aa skout te Kraaka saa ho dat ne.
3. Saa satt' han Riffla før sin Fot,
aa skout den Kraaka i Hjerterot2
2Retta ti: da skote va K. ti H.
4. Saa kom der Bu fra Kongjens Gar:
Kvar gjor' du taa Kraaka, du skout i gaar?
5. Taa Houe æg gjor' ein Kjørkjeknap,
taa Næbbe æg fik meg ein Ølltynn Tap.
6. Me Fjøra tækt' æg all' min' Huus;
taa Talgjen æg støpt eit Bismarpunn Ljus.
7. Taa Skinne gjor' æg tolv Par Skoe,
oframt eit Par Toffla, æg ga' ho Moer.
8. Kjøte æg salta i Tynne aa Karr
oframt ej Stejk, æg ga' han Faer.
9. Taa Skrotten færigt eit Skip æg fik,
de best' som i Kongjens Flaate gik.
10. Taa Tarmann gjor' æg Segl aa Rejp,
aa Beinen dem blej te eit Møkagreip.
11. Ti Gompen fann's ejn nyttig rund Ting,
aa deraav æg gjor' ein Skræddar=Syring.
12. No sku du full tru, ha Visa va Tant;
det svær æg saa dyrt, at alt e sannt.

Ekstra opplysninger


Av alle (dei) norske skjemtevisor(n)e er det vel ingi som er so vida kjend som Kraakevisa. Ho finst i mange uppskrifter og mange prent, ho liver enno paa folketunga baade i by og bygd.

So det er ikkje noko nytt eg kjeme med naar eg her legg fram eit brigde av Kraakevisa. Men alle vise=brigde hev sitt verd; og dette her er paa mange maatar sers forvitnelegt, maa ein segja.

For det fyrste er det ei av dei eldste norske uppskrifter me hev av denne visa. Dinæst er det kome ifraa Nordmøre, ein landslut som elles ikkje hev gjeve noko større tilskot til norsk folkedikting fyrr no i det siste. Og so er visa uppskrivi av ein merkeleg mann, stiftamtmann W.F.K. Christie, præsidenten fraa dei fyrste stortingi, grunnleggjaren av Bergens Museum.

Christie hadde set ei kraakevise fraa Skaane i den svenske tidskrifti "Runa" 1843. Daa var det han tok og skreiv upp visa soleis som ho livde paa Nordmøre. Venteleg hev han kunna visa fraa barneaari sine i Fosna (Kristianssund), og so skrive henne upp etter minnet. Men maalformi maa han ha vølt paa noko lite.

Det var den varmhjarta forngranskaren Richard Dybeck som gav ut "Runa", og arbeidet hans kveikte ein sterk folkeminne=hug baade i Sverike og andre stader. Soleis var det ein gaate=bundet i "Runa" som og sette Christie paa aa samla inn norske gaator. -

Kraakevisa er ei vandre=vise som gjeng vide verdi yver. Ho finst, som me alt hev høyrt, paa norsk og svensk, og like eins paa dansk, tysk og engelsk, ja endaatil paa litauisk og slovakisk. Kor gamall ho kann vera, det er ikkje godt aa segja. Men ho hev ikkje so faae hundradaar paa baket. Ein maa ikkje lata seg narra av slike nye merke som "riffla" i vaar uppskrift. Det ordet høver ikkje inn i ordtaget "saa spændt' han riffla før sit kne", og det har tvillaust trengt ut "boge" som ein daa og finn i sume bryde.

I Danmark hev dei Kraakevisa baade skrivi og prenta fraa gamall tid av. Det eldste lausprentet er ifraa 1642. Paa norsk veit eg ikkje av eldre uppskrifter enn dei av Landstad i Lindeman "Norske Folkeviser" (1853) s. 825-827. Dei er vel gjerne uppskrivne noko fyrr denne av Christie.

Men eg hev funne ev til at visa maa hev vore prenta paa norsk alt i 1700talet. Visesyngjaren Ola Sogneset paa Stord ("Sanes'en") fortalde fortalde um presten Paludan - eller Pallum Dal som han kalla honom - at han hadde kome til Vatne ein gong, og der hadde han funne eit lausprint av Kraakevisa i glas=karmen hjaa Ola Vatne. Han tok bladet - vilde lesa; men daa han hadde set paa det eit bil, slengde han det ifraa seg og sagde: "Jeg skulde da nogenledes kunne læse i bog; men denne skidtvisen kommer jeg ikke udaf det med.

Hans Palludan var danske, og prest paa Stord fraa 1768 til 1792. Sidan han leid so vodt med av lesa denna visa, so er det greit at ho kann ikkje ha vore paa dansk. Ho maa ha vore prenta paa norsk bygdemaal, og daa venteleg nokolunde i den form som seinare hev vore kjent paa Storden. Denne form finst i "Den 17de mai" 1903, nr. 29 (i uppskrift av Severin Eskeland). Derifraa hev ho kome inn i Hulda Garborgs "Norske folkevisor" I, nr. 10, og det er den dei no vanleg dansar etter i ungdomslagi.

Dette gamle norske prentet er ukjent no. Men der er ikkje det minste utrulegt at det hev vore til for me hev so mang ei bygdemaals=vise i lausprint fraa den tid.

Uppskrifti hans Christie finst no i privatmanns eige her i Bergen. Ho lyder so[SOM OVER]:






Paa Mordmør, i Romsdals Amt, høres endnu en Vise, som i Materie og Form er den i Dybecks Runa, 1ste Hefte S, og ender No 5 indførte saa liig, at man vel kan slutte, enten at den ene mone være en Efterligning af den anden, eller at de begge have sin Oprindelse af den same Rod, et fælles nordisk Sagn. Visen lyder i den nordmørske Dialect saaledes:



[Dette her ovanfor er skrive av Christie. Men han hev visst ført visa yver til nordmørs bygdemaal, fraa ei uppskrift paa dansk som ligg saman med denne. Eg tenkjer meg at C. hev hugsa at dei song denne visa paa N., daa han song henne i Runa. So hev han skrive til einkvan den med, og fenge denne danske uppskrifti. So hev han sett um til bygdemaal etter minnet, og like eins sett inn næst siste vers, som han hev lysta. Noko diktert vers finst inkje hjaa Dybeck (Runa 1843, hefte I, s. 39). Uppskrifta paa dansk er so:]
Orig. ms. NIB T. Hannaas 6, s.5ff. (NFS, kopi) Overskrift Kraakevisa. Kraak=Visa:

W.F.K. Christie (ved T. Hannaas)