Ekstra opplysninger
Orig. ms.
Over oppskrifta står: Av ordbokredaktør cand. philol. Gunnar Pedersen.
Det fins ikkje mange folkeviseoppskrifter frå Trøndelag. Men av visa om Lagje og Jo har vi to. Begge er oppskrivne først på 1800-tallet. Den eine er frå Oppdal. Ho vart prenta alt i 1823, og vart seinare oppteken - med melodi - i M. B. Landstads "Norske Folkeviser" 1853. Den andre er "optegnet før 1814 af pastor Drejer i Værdalen" - som det står over ei avskrift. Denne oppskrifta har ikkje vori prenta før. Originalmanuskriptet fins i København; men Norsk Folkeminnesamling i Oslo har to avskrifter, og det er dei som er lagde til grunn for den teksta som blir prenta her. Melodien er den som Landstad har i "Norske Folkeviser". Under visa står: Forklaringer: Vers 13, line 1, Det andra drog ind; da Hr. Lagje kom, er ikkje godt å få noka meining i; teksta frå Oppdal har her: Da annar Bue til Lage kom . . . V. 16 Svæl sverd. V. 20 utmjukast audmjukast (her har den eine avskrifta utmjulest, som må vera feilskrift). V. 21 schjaa hjå hos. V. 24 Du læs saa, d. e. du berre læss slå (men det blir ikkje noko alvor med deg).
Mellomslengen Som de va no van skal takast opp att i kvart vers. I siste verset har Oppdalsteksta i staden: Aa skratta aa loe. Etterslengen Aa om de skal koste... høyrer og med til alle versa så nær som nr. 2.
Målet i visa har nokre svensk- og danskfarga vendingar; men i hovuddraga er det norsk. Vi finn t. d. hokjønnsformer som Brura di, si Kappe, Senga, ei fleirtalsform som Dyra, ei notidsform som kjæm, fortidsformer som sala, dansa, kasta, ran, rei, og elles norske ord og former som dau, Stejn, trøit, sæj, qvar, schjaa, følgje. Nedskrivaren har og prøvd å gjeva att trøndsk uttale i ord som Gaal, blainna, Mand, tæinte, heinne, haugga, schjet. Det er ikkje akkurat moderne lydskrift; men ein ein skjønar da kva han har prøvd å få fram. Formene æk, mæk, dæk, sæk med k er merkelege. Det er lite truleg at den gamalnorske uttalen med k i desse orda kan ha haldi seg i Verdalsmålet heilt til ikring 1800. Derimot kan det nok tenkjas at folk har lagt vinn på å uttala ein kraftig g når dei song, slik at Drejer har teki det for ein k. Vi kan og merkja oss dativforma i Vreja.
Visa er venteleg dikta i Danmark; men ho har vori kjend både i Noreg, Sverige og på Island, i mange ulike variantar. Dei to trønderske tekstene står kvarandre svært nær, og skil seg ut frå dei andre norske med di dei har mange drag sams med den svenske utforminga av visa. Her kan vi ikkje gå nærare inn på dette; men det er kanskje verdt å nemna at verset I Vreja Hr. Lagje to fat - - fins berre Drejers tekst og i svenske varianter. Danske granskarar meiner denne likskapen kjem av at dei trøndske tekstene har vorti påverka av svenske flygeblad der denne visa var prenta. Dette treng sjølvsagt ikkje tyda at desse flygeblada har funni vegen til Trøndelag. Trønder som kunne den norske visa frå før, kan t. d. ha høyrt den svenske teksta av jamter; og så har dei sidan blanda inn noko frå den i den norske.
Etter emnet er visa ei riddarvise. Personane høyrer til riddarstandet, næraste krinsen kring kongen. Etter gamal riddarsed blir tvistemålet avgjort i tvikamp med blanke sverd. Men til skilnad frå andre riddarviser har denne fått ei skjemtsam form. Det er vel det som er grunnen til den store utbreiinga. Folk har lika den grove humoren; og det har nok sett ein ekstra spiss på moroa at dei samstundes fekk driva litt gjøn med dei høge herrane, som truleg ikkje var serleg høgt elska i noko av landa.