[BIN: 2823]

Åsmund Fregdegjeva

Oppskrift 1857 av Sophus Bugge> etter Birgit Lintveit, Skafså, Mo, Telemark .

1. "Høyr du Åsmund Fregdegjæven,
hott eg spyre deg:
vi' du nor i dæn Trollebotn
å hente mi Syster av Båndo?
-Ær ikkje Dagjen?"-
2. "Hott hev eg mot deg broti,
Kungjen, dær du stend,
mæ du vi' vita meg så lang ei Lei
i Trollebotns Heim?"
3. "Vi' du no nor i dæn Trollebotn,
som ingjo Soli skin,
så gjev eg deg Syster mi,
dæn fine Ermelin ."
4. Dei kasta upp Anker å Silkjesegl
så høgt i forgylte rå,
dei kasta 'kje anker på kvite sand
før dei Trollebotn såg.
5. Hokke vi' de helle mine brøanne tvo
vakte mitt skip unde lie
(hell de vi' inn i bergje gange)
taka ut jomfruga frie.
6. (Hokke vi' de helle mine brøanne tvo
vakte mitt skip unde) øy
(hell de vi' inn i bergje gange
taka ut den) vene møy.
7. Som 'en kom seg i dæn fyste Hadde
der va' så undeleg vori
gångekjeri på golve sto
å Trolli fyre dei råe.
8. Som (*en kom seg i dæn) andre (hadde)
der va' større vånde
Dukanne va' i Bloe tvegne
ormanne spila ette Bori.
9. Som ('en kom seg i dæn) tree (hadde
der va') ingjen vande,
der sto femten uppreidde sengjer
Åsmund kasta seg i ein av dei.
å dær søv dæn guten så lengje.
10.Inn så kom dæ vene Vive,
som Åsmund ville få
håre ha' ho som spunni Gull
va vippa i Silkjetrå.
11.Håre (ha' ho som spunni gull
va vippa i) Silkjeband
Åsm(und) otor sengji sprang
tok hennar uppi sitt fang.
12.Slepp meg slepp meg Åsm(und)
å halt meg ikkje her
no kjem ho inn dæn skome Gyvri
ho et upp kven o ser.
13.Sl(epp meg) sl(epp meg) Åsm(und)
(å halt meg ikkje) i Fang,
no kjem ho inn dæn skome gyvri
å vi sjå um dæ æ st. Olavs Mann.
14.Inn så kom dæn skome Gyvri
ho gjere bå grutter å grinar
hokk 'æ dæ som heve tekjubån
som helle mitt vene Vive.
15.Å dæn som kallar meg aitt tekjubån
dæn sko ette Våndo leite
men dei sko kalle meg Å(smund) Fregdegjæven,
dæ lyster denne Guten at heite.
16.Høyr du dæ du skomegyvri
hott eg spyre deg
hor hev du fengje dæ breie belte
som du ber ikring deg.
17.Dæ va' kje i Fjor men førre åre
i sant Olavs Velli
då ville eg Kongjen av Lande taka
så seint um Joleftaskvelle.
18.Eg tok Kungjen uppå min Rygg,
eg toss væl vera ung,
men då eg kom i Fr(am)stoga,
då falt han meg for tung.
19.Inn så kom dæn vigslekallen,
eg mone'n så ille lie,
han skvette på meg dæ vigslevatne,
eg kjenner enno hor dæ svier.
20.Dæ fornam eg på Låndo hær
eg vant hær ingjen Fre
så sprette eg Belte av Kungjens Rygg,
så smaug eg i Jori ne.
21.Høyr du Åsm(und) Fr(egdegjæven)
hott eg seie deg:
vi' du hita dæ jønne heitt
å sænde dæ hit te meg.
22.Åsmund hita dæ jønne heitt
så stakk en te mæ Avle
stakk han te dæn skome Gyvri
så Odden sto igjenom hennes Navle.
23.Te så svara dæn skome Gyvri
då ho faldt dau te jor
du sko 'kje livandes oto Bergje koma
alt ivi dæn salte Fjor.
24.Men da han kom seg i dæn femte Hadde,
dær va' ingjen Vandi
dær sto fjotan fagran Folen
han var i røde Gulle bunden.
25.Mykje av dæ røde Gull
så vi æg gjeva deg,
dærsom du fljotan fagran Folen
ivi have vi' bera meg.
26.Te svara fagran fjotan folen
toss vera i hugjen gram
gjev du meg di høgre hand
men då skå eg flyt deg fram.
27.Te svara Åsmund Fregdegjæven
som gud ga honom te råe
mi høgre hånd så ska' du få
um du vi' hava dei båe.
28.Tak så mæ deg så mykje Gull,
som du kunne sjå,
gakk så utav Bergje,
gakk så dærifrå!"
29.Dæ va' Åsmund Fregdegjæven,
han blei så vrei te Sinns,
han høggje ikring dæ Kringlebore,
så dæ skrangla i kvor dæn Ring.
30.Så høggje han ihæl dei are Småtrolli,
så mange som dær va' sjå,
så reiste han utav Trollebotn,
dæ flaut i Blo å Våg.
31.Så tok 'en mæ seg så mykje gull
så mykje som dær va' sjå,
så reiste 'n utav Trollebotn,
så reiste han dærifrå.
32.Så høggje 'n Hovue av fagran Folen,
å så sto'en i en Riddar så go.
33."Dæ ser eg i mine Dagar,
som eg hev ikkje sett førr,
Kungens Datter av Engeland
å Ingebrett hans yngste Søn.
Ekstra opplysninger