[BIN: 2819]
Åsmund Fregdegjeva
Oppskrift udatert av Sophus Bugge etter Hæge Kastedalen, Morgedal, Telemark .
1. | De va' Irlands kongje han tala te sine menn hokke som ville nor i trollebotten å hente mi systeri heim. - Monnar ingjen dagjen- |
2. | Hot hev eg mot deg broti kongje der du stend me du vi vita meg så langt av lei alt nor i så myrk ein heim. |
3. | Du ska få fruga Ermelin ho æ så vent eit viv vi du nor i den myrke heimen å våge fe hennar dit liv. |
4. | Å vi du gjeva meg syster di den vene fruga Ermelin så reise eg nor i den skome heimen som ingja soli skin. |
5. | Å ska eg då av nor i trollebotten å løyse dit syster or vånde vitt uppdregje å hisse segl som dei kallar Ormen lange. |
6. | Så vatt dei upp de silkjesegl høgast i seglerå dei sille inkje på bonken strjuke før dei trollebotten såg. |
7. | Dei kasta deires anker på den kvite sand de va' Åsmund Frægdegjæven han triner der først i havn. |
8. | Hokken vi de mine brøar tvo anten vakte skip unde øy hell de vi inn i bergje gange å taka ut vene møy. |
9. | Te svara Åsmunds brøanne tvo dei va' både unge å blauge de høyrer me på broer kons at han vi' vita kon daue. |
10. | Dæ va' Åsmund Frægdegjæven han klauv dæ Bergje så blått atte sto hans Brøanne tvo, så tiom dei feller Tår. |
11. | Som han kom i den fyste haddi dær va' så underleg vori dukanne va' oto bloe dregne å ormanne spela ette bori. |
12. | Som han kom i den are haddi han va' i så mykje våe ganne-kjere på golve sto å trolli ivi de råe. |
13. | Eg kom meg i den tree Haddi, dær va' femten Sengjir uppreidde, Herr Åsmund kasta seg i ein av dei, dær sovna den guten snjadde. |
14. | Inn så kom de vene viv som Åsmund ville få ho ha hår som spunne gull å vippa i silkjetrå. |
15. | Ho ha hår som spunne gull å vippa i silkjeband Åsmund upp or sengji sprang tok hennar i sitt fang. |
16. | Slepp meg slepp meg Åsmund du helt meg inkje i fang kjem ho sæle mo'i mi ho et upp kvor kristen mann. |
17. | Inn så kom den skome-gyvri ho gjore bå' grutte å grinte hot æ' de fe eit tekjubån som held'e mi dotter frie. |
18. | Den som kallar meg tekjubån han ska' ette våndo leite men kalla meg Åsmund Frægdegjæven så vi denne guten heite. |
19. | Høyre du Åsmund Frægdegjæven hot eg seje deg du hitar detta jønni gloheitt å send de så hit at meg. |
20. | De va' Åsmund Frægdegjæven hoggje han te med avle hoggje han te den skomegyvri at odden sto i hennas navle. |
21. | Høyre du de du skomegyvri hot eg spyrja deg hor heve du fengje de breie belte som du ber ikringum deg. |
22. | De va' kje ifjor i fyrre fjoren uti sankt Olavs velde då eg sille live av kongjen taka så seint um ein joleftas kvelle. |
23. | Eg tog kongjen på min bak eg tottest meg vera ung men som eg kom i durahadden då falt han meg fe tung. |
24. | Inn så kjeme alle Småtrolli gjore dærav eitt gott Gama: "Hott tru ho fattas 'kons sæle Moer, ho fær ikkje Kjeften isama?" |
25. | Inn så kjem alle Småtrolli, så toke dei ti å fæle: "Hott tru ho fattas kons sæle Moer, kvi nattar ho så mæ Hælo?"
|