[BIN: 2787]

Hemingen og gygri

Oppskrift udatert av Tore Bergstøl etter ukjent sanger, Vest Agder .

  Det var ei gjenta som var teken inn i eit fjell. Så var det
ein som ville sjå å finna henne att. Han bankte på fjellet,
og ho kom ut og spurde kva han ville. Så sa han at han
ville ha henne til kona. Ho sa då til han:
Æ du her inn i berje komen
å vil du kje her ifrå,
så ska eg henta mine femtan svogra,
så ska vårt brøllup stå.
-Hemlingen va ung å kunne så vel på skjian renna. -
Så to ho ud sin ganger grå
femtan alner te fod.
Så sette gjyrå seg deroppå,
sine skjæga ho ette seg dro.
Så læst' 'an opp ein, så læst 'an opp tvo,
så læst' 'an opp alle di andre.
Så læst' 'an opp den tiande låsen.
Der inne sad jomfrua fanga.
Så to 'an søll, så to 'an gull
vel femtan hestetyngde.
Så sette han jomfrua der oppå,
så monne han a berje udgange.
Ekstra opplysninger