[BIN: 2786]

Hemingen og gygri

Oppskrift udatert av Halldor O. Opedal etter ukjent sanger, Kvam, Hordaland .

 "God kveld, god kveld, du gamle gygr !
Med nosi di rotar du i eldo.
Og vil du kje låna meg hus i nott
te mine frosne fella1?"
- Hemingen den unge so vel på skiom kunde renna -
1 Pelagar
"Og sete har eg i femtan år,
og mann har eg venta;
men aldri har noko kokkabarn
eld inne hjå meg henta."
"Å, eg er kje noko kokkabarn,
du tarv det ei so snu,
men eg er her inne i berget komen,
for eg lyster her inne å bu."
So for ho i ein rokkafeld
tå nie elgahuder,
so vilde ho te Jatland fara
sine elleve mågar te bjodings.
So fór ho i dei støvlane,
femtan alner voro dei longe,
og tolv so voro dei i solabreidd,
men endå noko lite for tronge.
So læste han upp dei femtan lås
og meire slikt uti kova,
fyrr han kom te det rette bur
der jomfrui inne mun sova.
Han tvådde sin' hender i klåre vin
og la på jomfruens hender,
og jomfrui såg under skarlakin,
so vel ho Hemingen kjende.
So skunda dei seg or berget ut,
det beste som dei kunna.
Dei tok med so mykje raude gull
te femtan hestar tunga.
"Å bia, unge Hemingen,
å bia, å bia du meg!
Å, gje meg att mi vene jomfru,
raude gullet, det gjev eg deg!"
Og Hemingen rende både høgt og lågt,
både dy og djupe dalar,
den eine skii ho under han tok,
den andre fekk han hava.
Og kongen han gjekk seg på høgaloftssal
og såg utyver so vida:
"Og anten er Hemingen vreid eller redd,
eg ser soli under han skina".
Ekstra opplysninger