[BIN: 2760]

Sigurd og trollbruri

Oppskrift 1957 av Rolf Myklebust etter Einar Sveinsson, uten lokalisering .

 Og kongjen han sto på höge lofts sval.
Han såg seg ut så vi'e.
Der ute på den gröne voll,
der såg han herr Sigur' å ri'e.
-Sigur' våga live' for jomfruga.-
De' var nå 'kje undrans at kongjen var vill,
si dotter han mist uti bergja.
Der jutull og tussa heldt bryllopsspel,
men Sigur' ba nevar te verja.
Å höyr meg min Sigur' mi dotter er di.
Du er nå så sterk ein herre,
um du tore ganga i bergjet inn,
og henta di hjertans kjære.
Ja, fulla eg tor i bergjet eg fer,
eg pussar dei uglune månge.
Men ikkje eg vyrer å taka mitt svar'
men klubba ho kjem te å gange.
Og Sigur' han tok seg attan pond jönn
og set seg i brann til å her'e.
Det er fulla godt å hava eit hönn
mot jutull og tussa til verje.
Og Sigur' han ba til bryllopshus
så mange han kunne utvelje.
Og derte så bad'n så mange haugetuse,
så mange som sju konne telje.
Når brureskjenkjen ha fare forbi,
og folkje dei tok te å tyste.
Han Sigur' dangla ette me' klubba si.
Han slo ikkje slagje i miste.
Du meiner vel bruri va' vakker ei taus
me' geiter og hår som sofis.
Nei, nasan de' ha ho som naute i fjös
og augur som tjönn under lie.
Trollbruri ho vende på breie bak,
tok stödninga upp imot veggja.
Men Sigur' dangla etter me' klubba te slag.
Så beini sto' upp etter veggja.
Og heim kom han Sigur' me' kongslotti fin
hövu berre for tausa enn trolla.
Men kongjen tok or'i av Sigur' sin.
Du e' tent ha tak me' a beholla.
Ekstra opplysninger