[BIN: 2748]

Unge Råmund

Oppskrift 1957 av Rolf Myklebust etter Einar Sveinsson, uten lokalisering .

 Der bur no ein bonde ikkje langt her ifrå,
og han som heiter no Stein.
Han heve seg dei sönine tolv,
men ingjen er slike som ein.
-De' e' no fulla eg, sa han unge Råmund. -
Dei tener seg uti kongjens gar'
han Ulung og så han Kåre.
Men ingjen er slike som unge Råmund,
han heve hjarta av ståle'.
-Å, de' e' no 'kje av stål, sa han unge Råmund.-
Dei gjenge seg ut på leikarvollo,
der hoffmenn leikar til hove.
Og då var Råmund på knokune berr,
og di hoffmenn at honom loge.
-De' tar no meg ikkje hæ'e, sa han unge Råmund.-
So gjenge han seg te si fostermor inn,
og ba hennar skjera seg klæ'e.
Kongjen han vi' meg i tenesti hava,
og hans hoffmenn meg spotter og hæ'e.
-Men de' tar meg ikkje hæ'e, sa han unge Råmund.-
Og varpe' de' va' uta' nesle ris,
og hefta me' vieren små.
De' va' nå ikkje av silkje gjort
de' Råmund te klæ'e skull' få.
-Å eg fær vel enda klæ'e sa han unge Råmund.-
Så gjenge han seg til kongdotteri inn
og ba' hennar skjera seg kle'i.
Og far din han vi' meg i tenesti hava,
og hans hoffmenn meg spottar og hæ'e.
-Å de' tar meg ikkje hæ'e, sa han unge Råmund.-
So rekte ho upp den silkjeduk
og skar honom på sin klæ'e.
Og Kongjen og Dronningji undrast på
kvi Råmund skull' få slike klæ'e.
-Å, de' tar nå ikkje undras, sa han unge Råmund.-
De' var eit troll i bergjo nor'
som ville kongsdotteri herje.
Og Kongjen han visste seg ingjo rå'
hoss han sille dotter si bergje.
-Eg ska' hennar fulla verje, sa han unge Råmund.-
Og inn så tro han Hölje kvass,
de' tottes brest' onder tilje.
Kongje du ska' meg di dotter gjeva,
me' all din godan vilje.
-Du ska' hennar ikkje få, sa han unge Råmund.-
Og de' va' han Hölje kvass,
han glytte seg bak ivi hær'.
Hott er de' fæ' ein liten gut
som monne tru seg så væl.
-Det er nå fulla eg, sa han unge Råmund.-
Og sinna så vart han Hölje kvass,
han stuka i alle möllo.
Du Råmund du skå' meg möte idag,
alt ut på leikarvollo.
-Eg ska' deg fulla möte, sa han unge Råmund.-
Og fyre gjekk alle kongjens hoffmenn
og alle i brynjune si'e.
Men etter gjekk Råmund bondens son,
han skjefte på klubba den frie.
-No er mi klubbe skjeft, sa han unge Råmund.-
Og de' va' nå han Hölje kvass,
han snödde te kongjens merkji.
Kongjen og hoffmannen såg derpå
di skalv som ringjen i serkje.
-Å de' tar nå ikkje skjelve, sa han unge Råmund.-
Å de' var Råmund bondens song,
han snedde me' klubba den frie.
Så slo han te honom Hölje kvass,
så skallen i sjau lutir mon drive.
- No slo eg hoste har't, sa han unge Råmund.-
Ekstra opplysninger