[BIN: 2533]

Storebror og Lillebror.
Den farlege møya

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Kari Kåsa, Telemark .

1. Lillebroder talte te Storebroder sin
-uti løndom -
vi' du væra me meg ette festarmøa mi?
-Du er den, eg har tinga i min ungdom. -
2. Den ti dem kom seg te store Vallans bro,
dær gjekk femten kvennar i bare kjempeblo.
3. Storebroder talte til Lillebroder sin
nå vi' eg vende min gangar omkring.
4. De va' spott æ enndå større skamm,
to kjempur va' i veie o så ikkje tolde fram.
5. Storebroder vende sin gangar omkring,
men Lillebroder rei i krigshæren inn.
6. Storebroder rei seg te store Vallans går,
ute sto jomfruga, ho kjemde sitt hår.
7. Jomfrua ho ut igjønom vindøie såg,
ho æ de fer ei kjempe, dom kjem rianes i vår går.
8. De æ 'kje noka kjempe som du synes så,
men d' æ' din kjære festarmann som du ska' ha.
9. Jomfrua ho aksla på seg kåpa grøn,
hor æ' nå alle kjempunn', som min faer giver løn.
10. Neppe var ori gjønnom munden talt ut,
før de 18000 kjempunn om Lillebroer sto.
11. Lillebroder gjekk seg i steinstua inn,
da datt dei kjempur såsom forfylte svin.
12. Lillebroder vendte på brøane brand,
så høgg 'en dem kjempunn så små som sand.
13. Lillebroder klappa på gangaren grå,
så tok 'en jomfrua o sette deruppå.
14. Den ti dem kom seg (av) att rosenslund,
da lyster jomfrua å gvile seg ei stond.
15. Lillebroder la' seg i jomfrues fang,
dei såv 'en svemn men den va' ikkje lang.
16. Lillebroder L(illebroder), såv ikkje for langt,
eg synes, eg hører min faders hesteklang.
17. Synes du, du hører din faders hesteklang,
om nokken sku' falle, så nemner du 'kje mitt.
18. Den fyste dust, dem te samen red,
hennars ellste broer han falt derved.
19. Den andre dust, dem te samen red,
hennars yngste b(roer) h(an) felt derve.
20. Lillebroder, Lillebroder stegge ditt svæl,
min yngste broer var den døden ikkje vælt.
21. Din yngste broer liknar eg ve ei' hår
din gamle faer ska' få den samre skål.
22. Den trøa dust, dem tilsamen red,
hennars gamle faer felt derve.
23. Lillebroder klappa på gangaren grå
så tok 'en jomfrua o sette derpå.
24. Den ti, dem kom seg te borgarle,
dær sto hånoms moer o gvilde sæ derve.
25. Vælkommen Lillebroder me bruden din,
eg synes ho ser meg så bleik innonder kinn.
26. Ja ho må væl vorå blå, ho må væl vorå bleik,
eg synes, ho har vore i så ondelig en leik.
27. Kjære min broer, du salar min hest,
kjære min broer du hentar meg prest.
28. Kjære min syster du reier upp mi seng,
kjære mi moer du føljer meg i den.
29. Årleg om morgoen før dagen blei lys,
så var de tri lik i storebroers hus.
30. Den eine Lillebroder, den andre hannoms mø,
den trøa hånoms moer a sorja måtte dø.
31. Dessin tri lik blei lagt i en grav,
dær ska' dem liggje alt ut på dommedag.
32. Åven på graven der vokste opp en lind,
de eine blae tok de andre i fang.
Ekstra opplysninger