[BIN: 2466]

Sigurd Svein

Oppskrift 1867 av Sophus Bugge etter Steinar Knutsson Gibøn, Rauland, Telemark .

1. Sigur kasta leikebollen
han lysta kje lenger å leike
fram so kom dei smådrengjinn
dei gjore hånom kinni bleike.
2. Sigur gjeng i stallhuse
å løyser Grane av båndo
Grindil stend i stallhusdyni
å tek imot mæ håndo.
3. Så leidde dei Grane av stallhuse
forgylte va' hass grime
hass augur va' som klåre lós
å ild sprang der av hass mule.
4. Så tok dei den forgylte grima
å vipla ikring Grane s haus
idag sko 'kje smådrengjinn læ at meg
fe Grane sko loupe lous.
5. De va' då han Sigur svein
han mone dei pilinne bjarte
Grindil fygde sin son i by
så mildt æ' de moers hjarta.
6. De va då han S(igur) svein
han rei seg fram te mæ lie
der kom eit troll oto rustenuten
de ville mæ S(igur) rie.
7. De (kom eit troll oto) rustenuten
de va' kje for vent å se
nasanne ha' de som båkrehonn
å skjeggje hekk te kne
8. (De kom eit troll oto) Rauland
(de va'kje for vent å) sjå
(nasanne ha' de som båkrehonn)
(å skjeggje) hekk ne på tå.
9. De (kom eit troll oto) rustenuten
de prilla så fint i honn
eg sko bryggje så gott av briskeber
som bonden gjer av konn.
10. Så legg du beisle på desse skjengjunn
fe Grane han bere kon båe
du halt i taumen å i tygjilen
så sko' eg voni våge.
11. Så sko eg låne deg hesten min
eg be at du ri en ikkje sprengd
du halt (i taumen å i) tygjilen
så gjere kvor nyttug dreng.
12. 15 alne va Granaleggjen
dei mælte 'n ifrå hóv
men1 rysilen sat på Grane s bak
han føtanne på jori drog.
1): når
13. Så lengje rei den rysilen
te Sigur fór te undras
då riste Grane rysilen av
så ryggjen floug sund i hundre.
14. Så lengje rei han S(igur) svein
ingjen hørde 'n å ingjen han såg
alt te han kom i dei grøne lundann
der som greivegaren låg.
15. Um så tala den greivekongjen
han sat i si måltis ti
eg høyrer de fe mine inna borgjer
at de æ Svein som uttafe ri.
16. No tappar de mjø i sylvarskålinn
å lat dei 'kje tome stande
eg høyrer (de fe mine inna) borgjir
at Grane mon uttafe gange.
17. Så leier dei Grane at stallhuse
å gjev en bå havre å konn
Svein han sko upp i høgeloft
drikke mjø utav sylvarhonn.
18. Så (leier dei Grane at) stallhuse
(å) gjev en havre å hø
( Svein han sko upp i) høgeloft
drikke mæ frugur å mør.
19. No sko eg gjeva deg gullkista
den æ' virka i Bjarmeland
ri so heimatte te moi di
å skikke deg som ein mann.
20. Sko eg her av garen reise
mæ skjensel å mæ skamm
so kjem eg alli te moi mi
å inkje te mitt fødeland.
21. Sigur rei av garen ut
då va' en så harm å vrei
men som han kom i skogjen inn
der møtte 'n eitt Åskorei.
22. Guro stilte horpa si
å Gunnar slagje slo
so rei dei ivi Grimefossen
men då braut Grane sin hóv.
23. Svein han helt i gullringjen
å kista ho flaut i frå
nie va dei straumhoggji
som Grane måtte springje då.
24. Høyr du de du S(igur) svein
hokke vi' du av desse vera
den høgaste her i Åskoreie
hell den nederste i himmerik vera.
25. Høyr du Guro Rysserova
no set du kår fe meg
men ha kje Grane sin hoven broti
så ha eg silt rie ifrå deg.
26. Høyr (du Guro Rysse)rova
sko eg ein av dessa vera
eg æ den høgaste i Å(sko)reie
de æ vondt å vesålmann vera.
27. No æ Grane så klen i beine
han orkar 'kje okkon fygje
eg sko låne deg Skjerting Svarten min
så ri eg sjov på ein lime.
Ekstra opplysninger