Ekstra opplysninger
Orig. ms.
Merknad: Røsten Bendiksen: - raustan Bendik (Son eller Svein) Blinde Molvigsen: - Blindr - gamalnorsk Mannsnamn, : bolviss - meinvis - lumsk. "Blindr enn Bolvisi" namn paa Eddadikt. Ved besøk hos konservator Lund, Stavanger i oktober var vi inne paa Eddadiktinga og han uttrykte at hans mening var at noe av Eddakvada var skrivi paa Engeløya. Han peikte m.a. paa segna om Hagbart og Signe - som av mange er stadfest til m.a. Hagbartsholmen - og han var inne paa samanhengen og med denne folkevisa som led i den same segndikting. Steigarting var vel for Haalogaland som Frosta og Gula for dei landslutane. Eg har eingong late meg fortelje at for 100 aar sia vart det køyrd lassevis av gamle dokument fraa eit uthusloft fraa lagmannnstida - og ut paa leira. Her budde den hovdingen som ikkje bøygde av for den nye trua og vart drepen for si asatru og i varning om den gamle norrøne kulturarven. Her var luft og aand for ei draapa. E.R.
Merknader til versa:
Eg har site i natt til kl.4 - og arbeid og tenkt paa denne visa - umatt og umatt. Det var ifjor ein gong eg fekk fotostat fraa Bø eller Gurvin. Eg minnes ikkje kven - no i farta.
Eg saag med ein gong at visa upphaveleg hadde ein ekte norsk spraakbunad. Eg er ikkje i tvil um det. No maa vi prøve aa faa visa attende - og eg skal gjera alt eg kan for aa faa ho kjend.
Visa kan best og mest melodisk syngjast med tonen til Falkvor Laamanson-visa. Men daa maa det dumme danske umkvedet skjerast ned til "Dyr uti lunden - ridaren plar seg utride" eller dit utride. Umkvedet kunne og heite: Dyr er i lunden - riddaren plar seg utride. Eller plar dit utride. Det siste er det meire meining i. "Let seg utride - er umogleg. Ein riddar reid vel sjølv - han let seg ikkje utride.
Skal vi nytte den tonen dei nyttar paa Ferøyane til "same visa" "Arla var um morgunin" kan umkvedet verta meir lik det danske. Daa kan ein syngja: Enn om dyra uti lunden - ridderan plar seg utride. "Men eg meiner - visa hev ikkje vunne noko med det.
Det maa vera fullt lovleg aa føre visa attende til nynorsk eller heilnorsk spraakbunad. Visa har kan hende lengje nok lege arkivgøymd. Vi faar gaa ut fraa at det "einaste manns dotter" vi staar her over for. Og ikkje den urørde møya: Kongen heve ei dotter rein. Eg kjenner uttrykket fraa dei gamle her. D.v.s naar dei sa at "ho var rein" i biletleg tydnad so meinte dei at ho gjekk med urørd møydomshinne.
Vers 2. Eg er uviss. Skulle kanskje vore: Ho ville hava so gjerne.
Vers 4. Kanskje: Høyr meg du. Vidare: at Livet det kostar deg.
Vers 5. toko han oppaa - er uklaart. Kunne og stade: medan du maa sjaa derpaa.
Vers 6. har skrive høgan Hall, fordi vi nyttar det enno i levande tale.
Vers 8. har set eit adjektiv til kongen (byrg). Eg har grunna paa: vart saa ilt ved ordet. I vaar dialekt heiter: han blei iltr ved det. Daa kunne vi sei: Han blei - (eller vart) - iltr ved ordet.
Vers 9. Ordet bjaa har eg nytta her. Mor mi sa: Han var baade børg og bjaa." Eg oppfatta det saa at bjaa ville segje: vakker.
Vers 10. Ein bror kan vere den beste Ven.
Vers 11. Eg bygger paa ordtøkjet: Det stod saa tel osv. Dette verset kunne og heite: "vel i det niande med, - og i 2. line: Den raust var slegen ned. Biletleg kan det halde, men ikkje spraakleg?
Vers 18. byggjer paa ordtøkjet: Han fall han tel fote.
Vers 21. Velsemdklede kan neppe nyttast meddi dette ordet i vaart spraakbruk berre omfattar den ytre kledning - medan velsemdplagan er baade ytter og innerklede. Kanskje dette verset burde kunne skrivast:
"Tak du dine Velsemdplagg -
eg vil ikkje for deg dølgje -
Gakk du deg til Skipet ned -
til Engeland maa du følgje."
No har eg ofra 6 timar paa denne visa - og er altso enno ikkje heilt samd med meg sjølv. Men - det er heilt sikkert - eg skal syngje visa i alle finnmarksbyar og endaatil prate godt om ho. Kanskje ho vil bli teke framatt fraa hundradaarig gløymsle.
Eg maa arbeide hardt no. Vegbutten blir stuttare og stuttare, og all makt og evne minkar etterkvart. Kvitkrynte toppar og haustsolsrønna mot hav. Kveldsfred. Men sola stig atter. Vi spør: Blir det morgon - eller blir det alltid kveld? Huff - den lange ventetida --sola vert saa lengje vekke. Men ho kjem, -- saa vert det morgon lell.
Hj. helsing
--- Ruud
e.s. Det sviv meg nett føre inatt - at ut i mars vert det 50 aar sia eg først byrja skrive opp - og riktig lydapaa dei gamle og deira forteljing og tru. Berre det vart saa alt for mange interessevegar i livet. Det eg syntes velast om - var det lønelause - det eg tykte minst om var det halvlønte slitet for brødet. Der drukna mykje.