[BIN: 2084]
Valivan.
Skippar og møy
(fleire alternative titlar)Oppskrift udatert av Torleiv Hannaas etter ukjent sanger, uten lokalisering .
1. | Valivan kauper seg soks å skjæri1, so let han kvendeklæi gjera. -Men Valivan seilar årleg. - |
| 1skjere |
2. | Å Valivan kauper seg soks å jønn, so klæder han seg i silkje grønn. |
3. | Å Valivan rider mot kongeslott han gjekk2 ti stols Margjitt so seint um ei nott. |
| 2(gjekk um) |
4. | Han klappa på dynne mæ fingranne små: "Æ du inne stols Margjitt skrei lokunn ifrå!" |
5. | "Nei inkje tilbud so heve eg fått, å ingjen so lukkar eg innum i nott." |
6. | "Jau, eg æ ei fruge frå Engelands by, du lærer meg silkjesaumen å sy." |
7. | Eg æ ei fruge frå Engeland, du lære meg saume de beste du kann!" |
8. | Stols Margjitt ho reiste seg upp ifrå ho gjekk or seng skredde lokunn ifraa. |
9. | So sette ho fram ein forgjylte stol: "Set deg ned skjøn jomfru trøytt å færemo." |
10. | ["Å æ du ei jomfru du som eg so gjønni må du Sova hjå meg"] |
11. | "Nei inkje so må eg sova hjå deg, men eit stykkji på vegjen du fygjer vel meg." |
12. | "Eg tikje du æ i din stigo so stor du kunna godt vera ein riddarson." |
13. | "Ja vel må eg vera i stigo mi' stor, fy der æ so breie dei skjippar - bor."3 3 skjipa - bor / be |
14. | Hott va de eg høyrde som singra so, "æ de kje brynjeringanne små?" |
15. | Nei de æ kje brynja som singra so, men de æ Sylgjunne store å små. |
16. | Stols Margjitt ho sette seg innte mæ veg: "Eg orkar kje lenger å fygje4 deg." 4 fygji |
17. | "Ja orkar du kje lenger å fygji meg, so æ eg vel go fy å bera deg." |
18. | Men stols Margjitt ho tenkte mæ sjove seg: Tru du æ sterkare du hell eg? |
19. | So lyfte han henne på høyan hand5, å bar henne ne frå skjippar - strand6. 5 sin arm 6 skjipa - strand |
20. | "De tappar nu i ei skål av mjø å de av den tunna eg førde frå7 sø!" 7 førd' ifrå |
21. | Dei skjenkte so lengji som tunna rann, ti stols Margjitt sovna i Valivans fang. |
22. | Å Valivan tala ti liten smådren: "De dreiar mitt skjip som for 8 bylgja gjeng." 8 fy |
23. | Å Valivan klappa på røde gullseng "No må kje stols Margjitt sova leng." |
24. | Å Valivan klappa9, på kjinni so rø10: "Å søve du lenger so bli de din dø." 9 Han klappa stols Margjitt 10 rød |
25. | Stols Margjitt ho reiste seg upp ifrå ho såg inkje lande men bylgjunne blå. |
26. | "Å bære meg fy mine bonni11 so små, eg reiste ifrå skreidde lokunne på." 11 bonne |
27. | "Nei de ser eg på dine bryste små du hev ikkje halli små bonni åt." |
28. | De ser eg på dine kjinner so rød du hev inkji litt noko barnenød. |
29. | Dæ ser eg på di luve du æ møy o ingjo fruge." |
30. | " Ja ska eg fygji mæ deg ifrå land, so må du seie meg ditt rette namn." |
31. | "Ja eg æ ein skjippar, eg hev inkje namn, men smådrengjinn kallar meg Valivan." |
32. | "Ja Valivan hev eg so lengji trått, å lova vere gud so hev eg 'æn fått."
|