[BIN: 2069]

Valivan.
Skippar og møy

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1913 av Torleiv Hannaas etter Svein Tveiten, Bykle, Aust-Agder .

1. V. kauper seg seg saks o skjæra
so let han kvendeklæi gjera.
-Men V. seilar årleg. -
2. O V. kauper seg saks o jønn
so klæ(d)er han seg i silke grønn.
3. O V. rider mot kongeslott
gjekk inn ti stols Margitt so seint um ei natt.
4. Han klappa på dynne mæ finganne små
"Æ du inne stols M. skrei lokunn ifrå."
5. "Nei inkje tilbud so heve eg fått
o ingjen so lukkar eg innum i nott."
6. "Jau eg æ ei fruge ifrå Engelands by
du lære meg silkjesaumen o sy.
7. Eg æ ei fruge frå Engeland
du lære meg saume de beste du kann."
8. Stols M. ho reiste seg upp ifrå1
ho gjekk or seng skreidde lokunn ifrå.
1(i vrå)
9. So sette ho fram ein forgjyllte stol
"Set deg ned skjøn2 jomfru trøydt o fære-mo3.
2(stols)
3Ho ba han sova ljå seg
10. "Nei inkje so må eg sova ljå deg
men eit stykki på vegjen du fygjer vel meg."
Borte.
11. "Ja Olav uppi byen kann eg alltid få
Men Valivan fær eg alli sjå.
12.Å Olav i byen h kjenner eg væl
men V. hev eg i hugjen so kjær.
13. Stols M. ho sette seg innte mæ veg
"Eg orkar 'kje4 lenger o fygje deg."
4(M, orka ej)
14. "Ja orkar du kje lenger o fygje meg
so æ eg vel go-fy o bera deg."
15. Men st. M. tenkte mæ sjove - seg
Tru du æ sterkare du hell eg.
Fyrr?
Paa vegen?
16."Hott va de eg høyrde som singra so
æ de kje brynjeringanne små?"
17. "Nei de æ kje brynja som singra so
men det e syljunne store o små."
18. So lyfte h. henne på høyan-hand5
o bær henne ne på skjippar-strand.
5(arm)
19. "Eg tekji du æ i din stego so stor
du kunna gott vera ein riddarson."
20. "Vel må eg vera i stego mi stor
fy dei æ so breie dei skjippar-bor."
21. "De tappar meg i ei skål av mjø
o de av den tunna eg førd' ifrå sø."6
6 [sør]
22. Dei skjenkte so lengji som tunna rann
ti st. M. sovna i V.'s fang.
23. O V. tala ti liten smådreng
"De dreiar mitt skjip som for bylgja gjeng."
24. O V.7 klappar st. M. på silkjeseng
"No må kje st. M. sova leng."
7 (Han)
25. Han klappa stols M. på kjenni rø
"Å søve du lenger so bli de din dø."
26. St. M. reiste seg upp i vrå8
ho såg inkje lande men bylgjunne blå.
8 [ifrå]
27. "O bære meg fy mine bonne so små
eg reiste ifrå skreidde lokunne på."
28. "Nei eg ser de på dine bryster so små
du hev inkje haldi små bonne åt.
29. Eg ser - - - kjenner so rød
du hev inkji litt noko barnenød.
30. O eg ser de på di luve
at du æ møy o ingjo fruge."
31. "Ja ska eg fygji mæ deg ifrå land
so må du sei meg ditt rette namn."
32. "Ja' eg æ ein skjippar eg hev inkje namn
men smådrengjinn kallar meg Valivan."
33. "Ja V. hev eg so lengji trått
o lova vere Gud so hev eg 'ann fått."
Ekstra opplysninger