[BIN: 2023]

Kjærleiksprøva.
Herre Per og stolt Margit.
Herr Nikelus

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1906 av Rikard Berge
etter Hæge Postmyr, Nissedal, Telemark .

1. Kong NIKELUS tener i kongjens gaar,
der tener han i 15 aar.
For fager folen, fe den traavar enno.
2. Han tener ikkje fòr aano løn
hell fòr liti Kjersti ho va sò skjøn.
3.Høyr du liti Kjersti hòt eg spøre deg,
lyster du fygje av lande mæ meg?
4. Sò gjønne eg ville, men eg slett ikkje maa,
dei mange smaa drengjir dei vògtar meg saa.
5. Lat di vokte dei vokte maa,
vi du sjov sò maa du a raa.
6. Reis naa àt lofte aa samle gulle i skrin,
mæ eg salar graa gangaren min.
7. Tenkte di va dei eine tvo,
men der sto ein smaadreng aa lydde derpaa.
8. Smaadreng reiser for kongjen inn.
Kong Nikelus reiser mæ datteren din.
9. Kongjen han talar te sine styremenn,
dei styrer aller skjipi so langt ifraa land.
10. Kong N. kaam seg ne at strann,
daa va skjipi skuva sò langt ifraa land.
11. Der laag ein fiskarbaat innmæ lann,
men ikkje sò va der aarir i den.
12. Kong N. reiser te neste by,
der fekk han smie staalaarine ny.
13. Daa han kaam daa midte paa hav,
daa gjekk dei sterke staalaarine av.
14. Liti Kjersti sett´n paa gangaren graa,
sjav sò sett`n seg paa bylgja blaa.
15. Men daa di kaam seg inn-àt ein stein,
daa lyster kong N. aa kvile sine bein.
16. Liti Kjersti ho vrei sin silkje serk
aa kjære Kong N. naa æ du trøtt.
17. Men høy naa Kong N. hòt eg spøre deg,
æ de langt te gullborgjine du hev lòva meg.
18. Ingje gullb. eg deg gjeva kann,
eg æ ein fatike frealòuse mann.
19. Liti Kjersti ho tok upp dei sylvskaalin fem,
se der K. N. løys freden for dem.
20. Men daa dei kaam noko lenger fram,
daa saag di gullb. skjein so langt.
21. Høyr du l. Kj. hòt eg seie deg
naa ser du gullb. eg hev lòva deg.
22. Aa der heve eg toll terner,
som skò deg kvòr dage tjene.
23. Dei tvo skò staa mæ klaran vann,
ein tre´e skò stande mæ honnklæ i hand.
24. Dei eine tvo skò kjemme ditt haar,
dei andre tvo skò ha gullkrona paa.
25. Dei tvo skò fygje deg ut aa inn,
aa den eine skò læse upp røde gullskrin.
26. Dei tvo skò reie upp silkjeseng,
men sjav sò fygjer eg deg i den.
Ekstra opplysninger