[BIN: 1852]
Far og dotter.
Målfrid mi frue.
Dei snøgge svara
(fleire alternative titlar)Oppskrift 1898-99 av John Lie etter Olav Tortveit og mor og bestemor til John Lie, Telemark .
1. | Hot er de fy ein gangar graa - Maalfri mi frùve - //: kver morgo for di dør her staar Tora lill' :// - Tora ligger aa lùri - . |
2. | De æ no ingen gangar graa De æ stuten, Bure, med nyvlarne smaa. |
3. | De æ kji Bure med nyvlarne smaa. De æ gjygrer yssa med bedlin graa. |
4. | Kven eige desse folar smaa som stender med beitsli og salen paa. |
5. | De er no ingle folar smaa De er mine gjæsar smaa og graa. |
6. | De er 'kji dine gjæsar smaa og graa med røe gullbeitsel og sale paa. |
7. | D'æ kji røe gullbeitsel og sale paa De æ deira fjøgrir gule og blaa. |
8. | Hot æ de for eit nyt par sko Kver morgo for di seng her staar. |
9. | De æ ikkje nyt par sko De æ mine ternetøflar smaa. |
10. | De æ kji dine ternetøflar smaa med smale hælar og breidt for taa. |
11. | Hot æ de for eit liti kinn kver morgo lader i bure inn. |
12. | De æ no ikkji eit liti Kinn men de æ Bragi, hunden min. |
13. | De æ ikkji Bragi hunden din med silkelindi sveipt ikring. |
14. | D'æ kji silkelindi sveipt ikring De æ hunderova ligg i ring. |
15. | Kjenner du noko hausen den som henger ve sadelbogen min? |
16. | Aa ja! aa ja! Eg kjenne maa, femten aar han i armen laag. |
17. | Han kunn seg skapa til hest og hund, villti mit minne og batt min munn. |
18. | Han valedrykkjirne i meg laug, aa ja! aa ja! No er han daud. |
19. | No minnes eg væl min festarmann som eg trulova daa eg va baan. |
20. | Tora lill' va no so gl-yg ti gaa, kunne kji fangas av trolle raad. |
21. | Me slængjer hausen i skume-kor og enno æ eg di festarmøy god. |
22. | Ja sanno æ du mi festarmøy god, eg fekk so mange dei løynderbod. |
23. | Tora lill' gakk no kvil deg i seng no tar du kji liggje aa lure leng. |
24. | Eg æ kji syvjug men glad og kaat endi e lange og myrke not. |
25. | Trollbedlen bruka so sløge raad, lagde du va i langan traa. |
26. | Danse no Maalfrid, no æ tid, nye sko med sylvspenni i. |
27. | Dei dyrehonni paa borde stend, den drykkjen du ynskjer i dei renn. |
28. | Auken din voven av aaker-ull di borde altid av mat e full.
|