[BIN: 1813]

Grisilla døyr. Grisilla og Riddeval

Oppskrift udatert av ukjent hand i Rikard Berges Samling etter Anne Farsjord, Brunkeberg eller Seljord, Telemark .

 Grev Silla ho set uti veven so fin,
So Kom hennars mor seg gangans inn.
- Sou ou dullumma dei-
So Kom henars mor seg gangans inn.
Grev Silla, grev Silla hoss er de med deg,
med den reina mjaakk renn utav brysste paa deg?
De er ikkje mjaakk, um de øyne so
De er ut av mjøden, me drakk her igaar.
Og mjøden og mjaakki dei e so ulik
fer vinen er brun og mjaakki er kvit.
Og deg so vil me paa elden brenne,
og grev Riddervall vil me av lande utsende.
Og røvarer Kann de av lande sende,
og skjøkjur so kann de paa elden brenne.
Grev Riddervall tok paa sine handskar smaa,
so sette han seg sjav te aa styre og ro.
Som dei Kom yvi sund og inn i grøne lund,
der ynskde grev Silla aa Kvile ei stund.
Grev Riddervall var mot grev Silla so god,
so bredde han ut si Kappe (so) blaa.
So bredde han ut si Kappa so blaa,
der fødde grev Silla tvo drengjer uppaa.
Min far han heve so mange slott,
Gud gjeve at eg ha de ringeste Kot.
Mi mor ho heve dei ternune ni,
Gud gjeva eg hadde den ringeste av di!
Og min far han heve so mange lond,
Gud gjeva eg hadde de Klaare vand!
Grev Riddervall var mot grev Silla so god,
han henta vatn i sin raude gullsko.
Som han Kom tebakars, var Grev Silla død,
og henars smaa drengjer laag død i henars skjød.
Grev Riddervall i sin hjarta so harm,
so stakk han seg død uti Grev Sillas arm.
-Sou vu dullamma dei -
So stakk han seg død uti grev Sillas arm.
Ekstra opplysninger