[BIN: 1698]

Ebbe Skammelsøn

Oppskrift 1913 av Rikard Berge og Assmund T. Rui, etter ukjent sanger, Telemark .

1. Aa dei ba han sita til bords
dei ba 'an sita til benkje
men jamt svara E[bbe] S[kamelsøn]
han ville gange skjenkje.
2. Aa de va E[bbe) S[kamelsøn]
han svære sitt utdrog
so hoggje 'n bruris hovu av
aa krona sveiv i blo.
3. So tok han sitt blodute svær
aa sveipte de i skinn
so gjeng han seg i salen
til Peder broder sin.
4. Høyr du Peder S[kamelsøn]
kvi tøvrar du so lengje
for bruri monne bie so lengje etter deg
- - - -i bruresengji.
5. Høyr du E[bbe] S[kamelsøn]
kjæraste broder min
ligg du mæ stolt A[delus]
so stilles harmen din.
6. Statt upp Peder Skamelsøn
aa gakk du til di møy
brurehuse aa bruresengji
æ ivi mæ rosur strøydd.
7. De va P[eder] S[kamelsøn]
han steig ivi breie bor
Ebbe kløyvde hovue hans
so han falt død til jor.
8. De va ynk i brurehuse
i salen va' stor harm
dø va' bruri aa brugaammen
- - - -
9. Hans fader fekk so vondt eit saar
hans moder midte si haand
derfe træder E[bbe) S[kamelsøn]
so mangein villstig ikring laand.
10. Aa de var E[bbe] S[kamelsøn]
salar han sin hest
og naa vil eg ride paa vilde skov
for skoven skjuler mig best.
-For der rider Ebbe Skamelsøn
saa mang en stige vill.-

Ekstra opplysninger