[BIN: 1674]

Kjerstis hevn.
Frilla set eld på brurehus

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1856 og 1857 av Sophus Bugge etter Targjei Kosi, Vrådal, Kviteseid, Telemark .

1. Herepær reiser seg sø unde li
-Unde dei vælgronde tre -
så bee han dær te bryllaups på ny.
-Du vekkjer 'kje Åseliti av min' arme. -
2. Han be'e ti bryllaupi fatik å rike
å ikkje Ingerliti sitt frilleviv.
3. Han be'e ti bryllaupi store å små
Ingerliti lest han alli gå.
4. Høyr du Herepær hott eg spyre deg
be du meg ikke te bryllaups te deg?
5. Bryllaupi stende så høgt uppunder øy
at dær kann ikkje kome så ven ei møy.
6. [Bryllaupi stende så høgt uppunder] li
[at dær kann ikkje kome så vent] eit viv.
7. Um bryllaupi sto i Skåni
så sant eg liver, eg ska' kome.
8. "Kjeme du i den bryllaupsgår
så hev du 'kje alt ditt gulli på".
9. Tærna ho va' så svikefull
av nie møyar ho lånte gull.
10. Tærna ho reiste ti den vestre by
ho lånte gullkrona av syste si.
11. Tærna ho gjenge ti bekkji
sitt gule hår ho rekkjer.
12. Ho vaskar dæ fyst i lut å vann
å kjemmer ette mæ sylvekam.
13. Fyste kjemmer ho mæ sylvekamm
ette slenger ho eitt rødegull-band.
14. Tærna sette seg på sengjestokk
ho drog på seg ein silkjesokk.
15. Tærna sette seg på ein stol
ho spente på seg den røde gullsko.
16. Tærna for i stakkjen rau
gulli glimra ette kvor den saum.
17. Terna ho blei så mæ gulli sett
ho fekk ikkje armanne ifrå seg rekt.
18. Terna ho reiste at stallen ut
ho sala ut folen å den va' fus.
19. Terna ho inn gjenom dynni steig
dei tenkte ikkje anna hell soli skjein.
20. Dei sette den terna på benkji
sveinar å riddarar skjenkte.
21. Eg van ikkje sikje på benkji
men eg vane vere mykje te skjenkje.
22. Terna gjore bådi skjente å bar
dei sovna alt folkje i stoga va.
23. Ho skjenkte mjø å ho skjenkte vin
Herepær sovna i sessen sin.
24. Tærna gjore bådi skjente å bar
Herepær sovna i sessen han sat.
25. Ho ruska i oska, ho ruska i kol
så sette ho ellen på Herepærs bås.
26. Herepær vakna 'kje fyrr hell då
at logjen leika i hass gule hår.
27. [Herepær vakna 'kje fyrr] dæn stund
[at logjen leika] for hass vene munn.
28. Herepær rekkjer hånd ifrå seg
"Ingerliti, Ingerliti, hjelp du meg!"
29. Be te Gud! så hjelper han
men eg deg alli hjelpe kann.
30. No hev eg gjort den gjerning eg ville gjere
no lyster eg gjønni å heimi vere.
Ekstra opplysninger