[BIN: 1542]
Olov Agisdotter ror frå belen
Oppskrift, udatert, av Sophus Bugge etter Liv Årmote, Mo, Telemark .
1. | Å de va Olav i Strandeby salar gangaren grå no vi' me rie 'kon upp i land å Olov Agjisdotter sjå. -Eg vi' lova mi å dæn rosi - |
2. | Å de va Olav i Strandeby han site fy breie bor kvi tru Olov Agjisdotter æ' komen så hågt på or. |
3. | Å ho æ' inkje komen så hågt på or anten fy gull hell jor men ho æ' komen så hågt på or fy dæ ho æ' stolt å go. |
4. | Å de va Olav i Strandeby han rei seg at borgegår å uti sto Olovs moder hun var væl sveipt i mår. |
5. | Eg helsar deg Olovs moder å så talar eg te deg å æ' inkje Agji heime idag å Olov dotte di. |
6. | Å Agji 'en æ' inkje heime han rei hær uppundir øy fokkje æ' i kyrkja gjengji å Olov dæn vene møy. |
7. | Å de va Olav i Strandeby han rei seg at kyrkjele der sett' en neri sitt goe svær å gangaren batt en deri. |
8. | Å de va Olav i Strandeby han gjekk seg i kyrkja inn dær va' så mang ei skjøne jomfru som smilte alt unde skarlakskinn. |
9. | Å de va Olav i Strandeby han helsar så mange kvendi forutten Olov Agjisdotter ho skjuler seg fyr hass hendar. |
10. | Å du tar inkje Olov Agjisdotter å skjule deg fyr hendanne me eg hev 'a sett dæ kvindekjøn som æ' mykje skjønar hell du. |
11. | Å du tar inkje Olav i Strandeby spotte meg så av harm du liver alli den ære-dag'e du fær sova på fruvas arm. |
12. | [ Å du tar inkje Olav i Strandeby ] [ spotte meg så av ] kvide [ du liver alli den ære-dag'e ] [ du fær sova ] mæ [ fruvas ] sie. |
13. | Høyr du Olov Agjisdotter vi' du no vera min kjæra kvor dæn fing uppå di hånd sko' ringar av røde gull bera. |
14. | Dæ va' Olov Agjisdotter ho læt mæ terna rå me vi' gange o kyrkja idag så Olav 'kon inkje går. |
15. | Å de va Olov Agjisdotter ho tolde upp dei peninganne mange de gav ho dæn sokneprest fy ho måtte oto kyrkja gange. |
16. | Ho tok eitt gullband av sin barm å gav dæn sokneprest no gjer du de fyr minne skuld at du helde den lange tekst. |
17. | Dæ va' Olov Agjisdotter ho gjekk seg at kyrkjele dær braut ho sunde hass goe svær å gangaren slepper ho løs. |
18. | Ho løyser adde dei raske folar som dær sto bundne i band så tok ho Olavs i Strandeby mæ dæn rei ho ti strand. |
19. | Så løyser ho adde dei fljote snekkjur som dær låg på strand seiste Olavs i Strandeby mæ dæn sigler ho av land. |
20. | Å de va Olav i Strandeby han gjekk seg at kyrkjele sunde va' broti hass goe svær å gangaren dæn løypte løs. |
21. | Å de va Olav i Strandeby han ser seg ut på fjor å hot æ de fyr ein forgyllande1 fløy som utpå havi ror. |
| 1forgylte |
22. | De æ' ingjen forgyllande fløy som utpå havi ror men de æ' Olov Agjisdotter dæ glimar av hennes hår. |
23. | Å de va Olav i Strandeby sine hendar i tårinne tvo va' eg utpå havi mæ deg sill' vist inkje jomfruva ro. |
24. | De va' Olov Agjisdotter ho vikta mæ kvite hånd far væl Olav i Strandeby eg reiser på eitt anna land.
|