[BIN: 1522]

Tak hardt i hand trø lett på fot

Oppskrift 1891 av Moltke Moe etter Lars Veslestoul, Seljord, Telemark .

1. Eg rei min hest i hellesprang
-der spelar ei hind
eg la meg ne onder lindegrein.
- - Der spelar ei hind ivi all den skog-
2. Då eg ha' legji ei liti stond
då kom ei jomfrug' av rosens lund.
3. Å fager ongersvenn gvi ligg'e du heran
va' dæ' kje du som skulde deg i fruerstuen vera.
4. Hot skå nå eg meg i fruerstuen gjera
eg som kann nå kje anten danse hell kve'a.
5. Ja dæ du kje kann dæ skå eg deg læra
- - - -
6. Møter du deg nokon drukkjen mann,
du gjæng otor vegjen lat' hann sleppe fram.
7. Å møter du deg noken drukkjen dåre
gakk du otor vegjen lat han sleppe fyri.
8. Å når du kjæme i fruerstug'e inn
ver venleg i tale føi væl ditt sinn.
9. Å ser du noken du heve kjær
du skå' kje alletier hava ougo der.
10. Å ser du nokon du unner væl
du drikke te den der site næst.
11. Å når du kjem i dansen fram trå lett på fot
æ vilja go ho trær imot.
11b. [Å når du kjem i dansen fram trå lett på] tå
[æ vilja go ho trær] ifrå.
12. Men sei ho dæ ho ikkje kan.
forvisst hev ho lova ein anen mann.
13. Å sei ho dæ ho ikkje tør
forvisst [hev ho lova] ein anden før.
14. Takk skå du hava fe di lære
å gu gjeva du den samre måtte vera.
15. Å nei å nei eg ikkje tør
eg heve lova ein anen før.
16. Å nei [å nei eg ikkje] kann
eg heve lova ein anden mann.
17. Ja heve du lova ein anen mann
så gu gjeva de må fara væl både du å han.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. NFS Moltke Moe 25, s. 196f. Overskrift: Eg sette min hest i hellesprang.

Merknader og rettingar: I str 2,1 er legji retta til legje. I str 2,2 er då retta til der. I same lina er und retta til lond. I str. 5 vantar 2. lina. Det står: (2. linje glemt). I str. 6,1 er noken retta til nokån. Det same i str. 7,1. I str. 7,2 er du føyd til etter gakk. I str. 9,1 er noken retta til nokån. I str. 10,1 er unner retta til onner. I same lina er væl retta til best. I str. 10,2 er der retta til deg. Mellom str. 11 og 12 er føyd til ei strofe. I str. 16,2 er anden retta til anen. I str 17,2 er både retta til båte.