[BIN: 1411]

Knut Liten og Sylvelin.
Øystein Grønnevoll

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1907 av Rikard Berge etter Tone Nuten, Kviteseid, Telemark .

1. K[nut] l[iten] aa kongjen dei sat [ivi bor]
-Ise[liljan] -
dei tala [saa mange dei] skjemtande or.
-So saare sørger S[ølvelin] for liten K[nut] i løndom. -
2. Si kje mi datter bli bete gjift
hell 'o si gang' i eit hesteskjift.
3. Høyre du kongje hott eg spøre deg
lyster du byter folar mæ meg.
4. Knut liten han reiste ti Sølvelins gaar
statt opp kjær S[ølvelin] skrei lokunn ifraa.
5. Knut liten han ut gjenom vinauga saag
han saag ikkje skogjen fe brønjune blaa.
6. S[ølvelin] sprette brønja om Knut litens hals
ho va trugji aa ikkji falsk.
7. Der kom tiden for kongjen inn
Knut liten han saaver hos datteren din.
8. Høyre de mine hommenn klæd eder ikkje falsk
Knut liten han æ ein vaagehals.
9. Høyre du Knut liten hott eg [spyre deg]
hor æ dei ti tusen menn eg sendte ti deg.
10. Somme ligg sjuke aa somme ligg saar
somme bli baarne paa likebaar.
11. Knut liten han riste paa bloute svær
ha du kje vore kongjen ha du vore de vær.
12. Knut liten [han riste paa bloute] kniv
ha [du kje vore kongjen] de ha gulle ditt liv.
13. Aa høyre du Knut liten du stiller ditt sinn
eg gjeve deg Sø[l]vliti kjær datteren min.
14. Aa høyre du Knut liten du [stiller din] harm
aa so maa du sova paa Sølvelitis arm.
15. Knut liten han ut gjenom vindøie sprang
han rudde den vegjen som førr ha vore trang.
16. Sølvelin va trugji aa ikkji falsk
ho sprette trøya om Knut liten's hals.
17. Inkje hev eg stevne lagt
aa inkje so lukkar eg inn om natt..
18. Høyre du Sølvelin du lukkar meg inn
du kjenner Knut liten d'æ kjærasten din.
19. So ha'e ho paa seg stakkjen so blaa
skreidde ho dei lokun baad ti aa ifraa.
20. Aa skam faa den tærna ho va saa utro
ho stal bort Knut liten's søllsp[ente] sko.
21. So akslar 'o seg sitt hovuskjinn
so reiser ho for kongjen inn.
22. Dei banka paa [dynni med glavin og spjut]
aa du Knut liten her inne so sko du her ut.
23. Aa æ de [no saa mange saa er de vel kje rædd]
de vær a bie ti nakjen mann bli klædd.
24. Knut liten han hoggje ti han blei mo
de gjekk ivi skoen i manneblo.
25. Knut liten kaam rianes i k[ongjen]s gaar
kongjen ute for haanom staar.

Ekstra opplysninger

Orig.ms. TFM R.Berge CI, s. 97-101, (Kopi NFS) med overskrift: Knut liten.

Merknader og rettingar: Strofe 7, line 1: smaadrengjen trener er retta til der kom tiden; 10.2: somme di bli retta til somme bli; line 1 i strofene 22 og 23 er ufullstendige, men etter 22.1 står v.17 og etter 23.1 står 19, truleg Landstad strofene 17 og 19. Sangeren er født. 1823.