[BIN: 1403]

Knut Liten og Sylvelin.
Øystein Grønnevoll

(fleire alternative titlar)

Oppskrift, udatert av G. O. Aaland, ukjent sanger og Vest-Telemark.

1. Kongen og Knut liten sat ivi bor
-Isolilja -
dei tala so mangt eit skjemtande or.
-Så såre sørgjer Sylvelin for lille Knut i løndom. -
2. Og høyr du Knut liten hot eg spøre deg
du må nå handle folar mæ meg.
3. Ja eg kann nå handle folar mæ deg
men eg vi hava di dotter i byte eg.
4. Å sko kji mi dotter bli bære gjivt
hell ho sko nå gange i eit hesteskjivt.
5. Knut liten han slær nå si hånd i mot bor
eg fer nå di dotter for eit godt or.
6. Knut liten han springe på gangaren grå
så rider han så lystig til Sylvelines går.
7. Han pikka på dynni mæ finganne små
statt upp Sylveliti skrei lokunn ifrå.
8. Å ingjen so lukkar eg inn om natt
jau du lukkar vel inn din kjære so brat.
9. Sylveliti ho ha på seg kåpa blå
so skreier ho dei lokunn båt te å ifrå.
10. Sylveliti ho sette fram ein sylvforgylte stol
der sko du Knut liten leggje hanskar sko.
11. Då låg tilsaman den notti så lang
ja ho som ei kjering å han som ein mann.
12. Tvi vorri den terna ho va so utro
ho stol då Knut litens sylvspente sko.
13. Den terna ha på seg stakkjen blå
so reiser ho so litteleg til kongens går.
14. Her sit du kongje drikk mjød og vin
å Lisleknut han søve mæ datteren din.
15. Gakk burt terne eg vi deg kji tru
her æ nå so mange som du hev logji på.
16. Nådige herre du vi meg kji tru
sjå her hev du Knut litens sylvspente sko.
17. Kongjen han ropa ivi heile si hær
kom nå mine krigsmenn nå æ de meg kjær.
18. Så kom der til honom eit hundrade mann
me sko hjelpa deg kongje so godt som me kann.
19. Kjere mine krigsmenn de klær dikkonn kje falskt
de veit at Knut liten æ ein vågehals.
20. Dei støtte dynni mæ brynjur for hals
du Knut liten æ nokk ein vågehals.
21. Dei støtte på dynni mæ glavind og spjut
æ du inne Knut litin so kom nå her ut.
22. Knut liten han ut igjenom vindauga såg
de æ nå mange men me æ få.
23. Knut liten han ropa eg æ nå kji redd
de må vel bie te guten bli klædd.
24. Knut liten han utt igjenom dynnanne sprang
so rudde han vel vegjen som før ha vore trong..
25. Knut liten han hoggje ti han blei mo
til båe hanoms stevlar sto fulle av blo.
26. Knut liten han hoggje til han blei trøyt
han konn ikkji sjå anna'l bloe so raut.
27. Knut liten han sprang på gangaren grå
og kongjen ute for honom stå.
28. Og høyr nå Knut liten hot eg spør deg
hor æ nå dei krigsmenn eg sendte ti deg.
29. Å some ligge sjuke å some ligge sår
å some hev fengje sin sjælekost iår.
30. Du kongje lyt kaupe deg ti tonnur salt
så du kann få salte de mannekjøte alt.
31. Du kongje lyt kaupe deg ti tonnur gryn
at du kann få gjera den pylsa skjøn.
32. Knut liten han rister på bloutte sverd
å va du kje kongje hot va du vel verd?
33. Knut liten han rister på bloutte niv
å va du kje kongje de sill koste dit liv.
34. Knut liten du stiller dit blotte sverd
eg gjev deg mi dotter du æ no vel verd.
35. Knut liten du stiller din bloutte kniv
eg gjev deg mi dotter de vene viv.
36. Eg gjev deg mi dotter å heile mit land
so lyt du gjera mæ meg som du vi.
37. Nei du kann vera kongje å hva dit land
men eg hev Sylveliti eg æ hennar mann.
38. Knut liten han lyfter på høgan hatt
farvel kongje og dronning godnatt.
Ekstra opplysninger