[BIN: 1391]
Knut Liten og Sylvelin.
Øystein Grønnevoll
(fleire alternative titlar)Oppskrift 1867 av Sophus Bugge etter Olav Talleivsson Lofthus, Eidsborg, Telemark .
1. | Kungjen å Knut liten dei sit ivi bor -Isålilja - dei tala so mangt eit skjemtande ór. -So såre sørgjer Sølvelin for lille Knut i løyndom - |
2. | Å høyrer du Knut liten hot eg spyre deg å vi' du nå skifte dei folar mæ meg. |
3. | Ja sku eg skifte dei folar mæ deg so vi' eg ha di dotter i byte eg. |
4. | Å sku 'kje mi dotter bli bære gift hell ho sku gange i eit hesteskift. |
5. | Knut liten han slær si hånd imot bor eg fær væl di dotter for eit gott ór. |
6. | Knut liten han salar ut gangaren grå so rider han hurtig te Sølvelitens går. |
7. | Knut liten han klappa mæ finganne små statt upp Sølveliti skrei lokunn ifrå. |
8. | Ingjen stevnar so hev eg lagt ingjen so lukkar eg inn um natt. |
9. | Ja hev du ingjen stevnar lagt jau du lukkar væl inn din kjærast so bratt. |
10. | Sølveliten1 ho ha på seg stakkjen blå so skreidde ho dei lokunn bå te å ifrå. |
| 1Sølveliti |
11. | Sølveliten sette fram ein forgylte stol der sku du Knut liten leggje hosur å sko. |
12. | Åmafor mi sæng der æ' ein gullknapp der sku du Knut liten hengje hanskar å hatt. |
13. | Så låg dei tesammen den nåtti så lang ho som ei kjering å han som ein mann. |
14. | Tvy vorre den tærna ho va' så utro ho stol burt Knut litens syllspente sko. |
15. | Den tærna ho ha på seg kåpa blå so reiser ho so hurtigt at kungens går. |
16. | Her site du kungje drikke mjø å vin Knut liten han søve mæ datteren2 din. |
| 2dotteri |
17. | Å gakk burt du tærne eg vi' deg inkje tro3 de æ' no so mange som du hev logji på. |
| 3tru |
18. | Å nådige herre du vi' meg inkje tru sjå her hev du Knut litens syllspente sko. |
19. | Kungjen han ropa ivi alt sitt land å stae no upp mine gode hofmenn. |
20. | Der samlede sig mange tusinde mand som sværdet og brynjen så lett bære kan. |
21. | Så reiser dei sig ind til Sølvelitens går dei vilde med hende um Knut snakke då. |
22. | Dei støytte på dynni mæ glavin å spjut er du inne Knut liten so kom nå herut. |
23. | De støytte på dynni mæ brynjur for hals Knut liten du æ' nok en vågehals. |
24. | Knut liten han seg ut igjenom vindauga såg de æ' no so mange men me æ' so få. |
25. | Knut liten han svara eg æ' inkje rædd de biar væl lite te guten bli klædd. |
26. | Knut liten han seg ut igjenom dynnane sprang so rudde 'n de rome som fyrr ha vore trångt. |
27. | Knut liten han hoggje mæ syllbugji svær han hoggje då ne alle kjempunne der. |
28. | Knut liten han hoggje te han toss bli mó te båe hånoms stevlar sto fudde mæ bló. |
29. | Knut liten han hoggje te han blei trøytt te han kunn kje sjå ennall' blo´ å røyk. |
30. | Knut liten han salar ut gangaren grå so rider han hurtig i kungjens går. |
31. | Gu dagjen min kungje du sit nå der å live du vistnok vil taka av meg. |
32. | Å høyrer du Knut liten hot eg spyre deg hor æ' no dei hofmennar eg sente te deg. |
33. | Some ligge sjuke å some ligge sår å some hev fengje sin jolekost i år. |
34. | Kungjen må koupe seg ti tunnur salt um han kam få salte de mannekjøti alt. |
35. | (Kungjen må koupe seg ti tunnur) grøn so fær 'en væl gjera ei pylse so skjønn. |
36. | Knut liten han rister på bloutte svær va' du 'kje kungje men hot va' du vær. |
37. | (Knut liten han rister på bloutte) kniv (va' du 'kje kungje) de si' koste ditt liv. |
38. | Knut liten du stiller ditt ditt søllbugne svær eg gjev deg mi dotter du æ' hænar vær. |
39. | (Knut liten du stiller) din bloutte kniv (eg gjev deg mi) dotter det vene viv. |
40. | Knut liten han lyfter på høiande hatt å farvæl kungje å dronningji go natt.
|