[BIN: 1371]

Dalebu Jonson.
Samson

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udat., av Torleiv Hannaas, ukjent sanger, uten lokalitet .

1. Å D[alebu] h[eve] seg ei festarmøy bold
den heve han teke med jønn og med stål.
-Kjenner du D[alebu] J[onson]. -
2. I D[alebu]'s gard der stende eit hus
der lyster han sova med si unge brur.
3. Og fyrr det vart dagen og dagen vart ljos
kom der sjau tusund kjempor til D[alebu]s hus.
4. Og D[alebu]s moder rann tårer på kinn
so syrjeleg vekkjer ho upp sonen sin.
5. Å moder du tarv inkje gråte fyr meg
D[alebu] J[onson] forsvarar vel seg.
6. Og D[alebu] ut gjenom vindauga såg
han kunn' kje sjå soli for glavin so blå.
7. Og D[alebu] drog på seg den silkeskjurta blå
der utanpå trekkjer han jønn og stål.
8. Og D[alebu]s kjærast ho var ikkje falsk
ho snørde stålbrynja um D[alebu]s hals.
9. Og D[alebu]s kjærast ho var ikkje sein
ho snørde stålskoi kring D[alebu]s bein.
10. Og D[alebu] ut gjenom vindauga sprang
so gjorde han rumt der fyrr var so trongt.
11. Å D[alebu] hoggje og slett ikkji log
til han sto i blo yver syllspente sko.
12. Å D[alebu] hoggje og i hugen var vrei
til han stod i blo yver stålklædde kne.
13. Å D[alebu] salar sin gangare grå
so rid han seg til kongens gård.
14. Høyr du D[alebu] J[onson] kva eg segjer deg
kor vart det av dei hommen eg sende til deg.
15. Kor [vart det av dei hommenn eg sende] deg med Jon
"Å dei ligg no heime uti mitt ton.
16. Å sume ligg sjuke og sume ligg sår
og sume dei liggje på likebår".
17. Å D[alebu] riste på sylvbudde kniv
"vert du inkje min verfar sill de kosta ditt liv".
18. Å D[alebu riste på sylvbudde] sverd
"vert du [inkje min verfar] kva er du vel verd".
19. Å kjære D[alebu] J[onson] du stiller din kniv
du ægte liti Kjersti det væne viv.
20. Å kjære D[alebu] J[onson du stiller] ditt sverd
[du ægte liti Kjersti] du er henne verd.
21. Å der vart stor glede yve all den gård
D[alebu] J[onson] og liti K[jersti] hadd' brudlaup igår.
-No kjenner du D[alebu] J[onson]. -
Ekstra opplysninger