[BIN: 1152]
Draumkvedet
Oppskrift, udatert, av M.B.Landstad etter Nils Svenungsen, Vinje, Maren Ramskeid, Kviteseid, Harald Smedal, Aamotsdal, Olaf Glosimot og Anne Golid, Seljord samt Anne Lillegaard, Mo, Telemark .
1. | Vil du meg lyda, eg kveda full kan um einkvan nytan drengin, alt um han Olaf Aastason, - (Oknison) som heve sovid saa lengi. |
2. | Olaf han var i voxtro (véne) han var som ein siljuteine, fadir og modir ant 'om vel fra ded han kom i heimi. Og ded var Olaf Aastason som heve sovid saa lengi. |
3. | Olaf han var i voxtro (véne) han var som ein siljurunni, fadir og modir ant 'om vel fra ded han tala kunne. |
4. | Han la seg ned um joleftan sterkan svevnen fekk, vaknad 'ki um trettandagin daa folkid at kyrkja gekk. |
5. | Han la' seg ned um joleftan, no hev en sovid saa lengi, vaknad 'ki för um trettandagin daa fuglanne skoku vengjo. |
6. | Han vaknad 'ki för um trettandagin daa soli rann i lide, daa sadlar han ut fljotan folen og legge paa gylte mile. Saa sadlad han ut fljote folen og vilde til kyrkja ride, saa sprette han paa seg belti sit ded glimad i vedri saa vide. -Og ded var Olaf Aastason som hevi sovid saa lengi. - |
8. | Som eg kom at kyrkjeledi eg studde meg inn at stette, saa mange som paa mit belti saag dei lyfte paa hatt og hette. -I Ródelando, i villade heido der kenner dei meg. - |
9. | Som eg meg i kyrkja kom at folkid på kné ville falle, saa mange som paa mit belti saag dei glöymde paa gud at kalle. |
10. | Presten, som fram fer altari stod alt med si lærd tunge, og rett som han mit belti saag han glöymde baad' lesa og syngje. |
11. | No stende du fer altari og les upp lestinne dine, saa set eg meg i kyrkjedynni og teler draumanne mine. |
12. | Gamle mennar og unge geve attegaume med' han Olaf Aastason teler sine draume ! |
13. | Eg la' meg ned um joleftan sterkan svevnen fékk, vaknad 'ki för um trettandagin folkid at kyrkja gékk. -Fer maanen skine, og veginne felle saa vide. - |
14. | Eg hev vorid up med sky og ned att paa hafsens bunni den som vil mine fótspor fygje han lær 'ki af blide munni. |
15. | Tidi hev' farid fort fer meg eg heve vorid saa vide, eg heve sét at heite helviti og ein deil af himeriki. |
16. | Der er heitt i helviti - heitar hell noken hyggje, der hengde 'pivi ein tjöru-ketil og brytjad n'i ein styggings rygg'e. |
17. | Sume fór ivir Grimaraasen og sume ivir Skaalestraand, men dei som fór ivir Gjallarhylen dei kom saa vaate fram. |
18. | Eg hev farid ivir vigde vatne og ivir djupe dalar, höyrer vatn og sér ded inki under jordi saa maa ded fara. |
19. | Eg er saa tröytte af hermo, - (felmo) og enno saa maa me brenne, höyrer vatn og sér ded inki undir jordi saa maa ded renne. |
20. | Inki hneggjar sóten min inki göydde min hund, inki gól dei óttefuglann; ded tottist meg vera vont. |
21. | Eg kan nokod af kvorjum derfer tikist eg fród, eg var laange i molli mokad ha' eg tott den dauden gód. |
22. | Fyrste var eg i ut-exti eg fór ivir dyraring, sund'e var mi skarlakskaape og neglann af kvor min fing. |
23. | Fyrste var eg i ut-exti eg fór ivir dyratrod, (-traa) sund'e var mi skarlakskaape og neglann af kvor mi taa. |
24. | Kem eg meg at gjallarbrui, hon henge saa högt i vinde, hon er all med jönni slegin og saum i kvorjum tinde. |
25. | Eg hev farid gjallarbrui hon ligge saa högt i vinde, gullid er etter straumo lagt og saum etter kvorjum tilje. |
26. | Eg hev gengid gjallarbrui hon er ekki god at gange, bikkja bit og ormen sting og stuten stend og stangar. |
27. | Bikkja bit og ormen sting. og stuten stend og stangar - der slepp ingin ivir gjallarbrui som feller domanne vrange. |
28. | Eg hev gengid gjallarbrui hon er baade bratt og breid, vassad saa hev eg vosemyrann, no er eg kvitte dei. |
29. | Vadid saa hev eg dei vosemyrann der hev 'ki stadid meg noken grun; no hev eg gengid gjallarbrui med rapad moll i munn. |
30. | Eg hev gengid gjallarbrui og der var krokanne paa, men eg totte tyngre dei gaglemyrann gud bedre den, dei skal gaa! |
31. | Ded var mi fyrste utreising gönnom den tyner-rende, sunde var mi skarlakskaape og neglann af kvorjum fingre. |
32. | Ded var mi fyrste utreising gönnom de tyner-skóg, - (móg) sunde sleit eg mi skarlakskaape og neglann af kvor min fót. |
33. | Sæl er den i födesheimen fatike geve skó han tar inki berrfött gange paa kvasse heklemó. - (tynermó) -Tunga talar- og sanning svarar paa dommedag. - |
34. | Sæl er den i födesheimen fatike geve ku, han tar inki sumlug gange paa höge gjallarbru. |
35. | Sæl er den i födesheimen fatike geve braud han tar inki ræddast i ann'heimen fer höyre paa hundegaul. |
36. | Sæl er den i födesheimen fatike geve konn, han tar inki ræddast paa gjallarbrui fer kvasse stutéhonn. |
37. | Sæl er den i födisheimen fatike geve klædi, han tar inki ræddast i ann'heimen anten fer spott hell hædi. |
38. | Saa kom eg meg at votno dei der isanne brunno blaa, men gud skaut ded i hugin min eg vende meg derifraa. Maanen skine og veginne felle saa vide. |
39. | Eg var meg i ann'heimen - - (andheimen?) i mange nættar og traa ded veit gud i himerik hossi mang ei naud eg saag! |
40. | Eg var meg i ann'heimen ingin der eg kende, der saag eg atte sæle gullmór mi med raude gull paa hende. |
41. | Saa tok eg paa ein vette-stíg alt paa mi högre hand, der saag eg meg til paradis - ded lyser ivir vide land! |
42. | Der saag eg meg til paradis, der var meg ingin mann kend'e berre hon sæle gullmór mi med raude gull paa hende. |
43. | Der saag eg atte gullmór mi meg mone 'ki bedre gange: Reis du deg til broksvalinn der skal domen stande. |
44. | Kem eg meg at pillegrimskyrkja, der var meg ingin mann god, berre mi sæle gullmór hon gav meg nye sko. (?) -I broksvallinn der skal domen stande. - |
45. | Eg saag meg einom drengin den, ded fyrste eg vart ved, liten smaasvein bar han 'ti fangi og gékk i jordi til kné. |
46. | Eg saag meg einom drengin den, ded adre eg vart ved, liten smaasvein bar han 'ti fangi og gékk i blodi til kné. |
47. | Kem eg meg at manni dei kaapa den var bly, (ded var) hans arme sjæl i dessi heimi var trang i dyre tid. |
48. | Kem eg meg at manni dei ha' hendanne full af blod herre gud synduge saalinne! han flutte deild i skog. |
49. | Kem eg meg at bonno dei dei stöje saa högt paa glóde; herre gud synduge saalinne! dei ha' bannad burt fa'r og mó'r. |
50. | Kem eg meg at podda og ormen dei hoggi kvoradre i skefte, - (kæfte) ded var synduge syskini dei vilde kvoradre negte. |
51. | Der mötte eg dei ormanne tvei dei bite kvoradre i spóre, ded var dei synduge syskinbonni som gifte kvoradre paa jordi. |
52. | Der kom ferdi nordan til og den reid no saa kvast, fyri reid grutte graaskegg alt med sit store brass. |
53. | Der kom ferdi nordan til ded totte eg vera verst fyri reid grutte graaskegg han reid paa svartan hest. |
54. | Der kom ferdi sunnan til ded tottest meg vera best, fyri reid sankte saale Mikkjel, han reid paa kvitan hest. |
55. | Der kom ferdi sunnan til og den reid no saa tvist, fyri reid sankte saale Mikkjel, - næste Jesum Krist. |
56. | Der kom ferdi sunnan til, hon tottest meg vera traa, fyri reid sankte saale Mikkjel, og lur'en under armen laag. |
57. | Ded var sankte saale Mikkjel han blés i lur'en den lange: og no skal alle synde-saalinne fram fer domen stande! |
58. | Men daa skolv alle synde-saalinne som ospelauv fer vinde, og kvor den - kvor den saal der var den grét fer syndinne sine. |
59. | Ded var sankte saale Mikkjel han vóg i skaalevigt, saa vóg han alle synde-saalinne hen til Jesum Krist. |
60. | Gamle mennar og unge dei geva attegaume! ded var han Olaf Aastason no hev en fortolt sine draume. Statt up Olaf Aastason du som heve sovid saa lengi.
|