[BIN: 1059]

Maria Magdalena

Oppskrift 1856 av Sophus Bugge etter Torbjørg Haugen, Skafså, Mo, Telemark .

1. Kvinna gjekk seg på vegjen fram
-På dommi.-
der møte1 ho Kristus vår frelsermann.
-Tunga talar å sjælen svarar på dommen.-
1møder
2. Høyr du kvinne hot eg spyre deg
hev du inkje drikke fyr meg.
3. Hossi kan du drikke få
eg hev inkje anten fat hell skål.
4. Å visste eg du va' ei møy så klar
så ville eg drikke av de2 lovar små.
2dine
5. Hjelpe meg gud å dæn hellig ånd
eg æ' ei møy så klar'e som vann.
6. Sver 'kji, sver 'kji ditt arme blo
du hev havt deg sønner to.
7. [Sver 'kji, sver 'kji ditt arme] liv
[du hev havt deg sønner] tri.
8. Dæn fyste ha' du mæd din fader
dæ va' synden hare.
9. Dæn andre ha' du mæd din broder
dæ va' synden store.
10. Dæn tree ha' du mæd din sogneprest
dæ va' synden allervest.
11. Hun falt på sine bare kne
herre gud fader skrifte meg.
12. Du kan 'kji onnå skrifti få
hell gange på skogjen i åtte år.
13. Ho3 gjekk på skogjen i åtte år
iblant bjørnir4 å ulvar grå.
3Kvinna
4løvur
14. Ho fekk inkji anna ti mat
hell som bådi5 løv å gras.
5hell ho måtte eta bå
15. Ho fekk inkje anna ti drikk
hell den dugg som falder på lindekvist.
16. Kvinna gjekk seg på vegjen fram
så møter ho dæn same mann.
17. Høyre du kvinne hot eg spyre deg
hossi likar du skrifte de.
18. Så likar eg de skrifte go
som kvor dæn dagjen ha' drukkji jol.
19. Å såså likar eg skrifte de
som kvor dæn dagjen ha' drukkji vin.
20. Likar du de skrifte så
så ska' du anden nåde få.
Ekstra opplysninger