[BIN: 0931]

Haugebonden

Oppskrift 1859 av Sophus Bugge etter ukjent sanger, Seljord, Telemark. .

1. Høyrer du dæ du gode husbond sjøl
kvi tuktar du kje drengjinne dine
d'æ aller so heilag ein joleftans kvell
di ruslar uti haddinne mine.
- Dæ lyder utpå bonden no
kor haugebonden dansar å rimar. -
2. Di gjeva meg so vonde slag
utav dei sylvarskåli
hadde dæ kje vori fe mine gode husbond sjøl
dei ha skull mist både hørsel å måle.
3. Dei gjeva [meg so vonde] slag
u(tav) de sylvar kruse
hadde [dæ kje vori fe min gode husbond] sjøl
. . . so dei ha skult rømt utav huse.
4. Nå heve eg seilt ut på dine skip
vel i di åri ni
ikkje skipsleige heve du fengji
men lengtar kje bonden ette di.
5. Men nå gjenge du deg utpå dine skip
der stende eitt lite gullskrin
låsanne æ av de røde gull
nyklane henge deri.
6. Deruti ligge ein silkjeserk
æ sydde mæ gulle dæ reine
den sydde Signeliti dotteri mi
den ti at ho va pike hera heime.
7. Deruti ligge ei kåpe rø
æ [sydde mæ gulle] i kransar
den kom aller på Målfrias bak
bare kvor den dag ho skulle danse.
8. Serkjen den æ av de røde gull
sydde mæ gulle dæ reina
den kom [aller på Målfrias] bak
bare joledagjen den eina.
9. So stende der eitt lite staup
som stende på fjogo foto
femten hovmenner kan drikke rus av
å husbonden sjav deri fjote.
10. Lunden so heiter garen min
han ligge her su mæ lie
sjav'e so heiter eg goe Gullstein
å Målfri heiter konunne mine.
Ekstra opplysninger