[BIN: 0908]

Draugen

Oppskrift 1891 av Moltke Moe etter Lars Veslestoul, Seljord, Telemark .

1. Eg lagde mitt hoved til tue
så gjerne så vilde jeg sove.
-Så vide gange meg ori av. -
2. Den fyste svevnen eg der fekk
den døde mann han te meg gjekk.
3. Den døe tok te mæle
den levans tok te fæle.
4. "Dæ tar kje levans fæle fe meg
eg aktas ikje vondt å gjera deg.
5. Men est du ein utav mi ætt
så skå du føre mi sak i rett.
6. Du reiser deg te den Hedeby
der bur alle mine frendæn uti.
7. Der bur liti Kjersti mitt vene viv
å ho forrådde mitt onge liv.
8. Ja du reiser deg te den Hedeby
der bur alle [mine] frendæn uti.
9. Der bur alle mine frendæn fem
dei kvalte meg i ei silkjesæng.
10. Den svenn eg der trudde best
han rider ni min gode hest..
11. Han site ve mitt brede bor
han spottar mine born mæ hæviske or.
12. Han ete mæ min søllbugen kniv
han søve hos mitt vene viv.
13. Du reiser deg te den Hedeby
der bur alle mine frændæn uti.
14. Der bur alle mine [frændæn] fem
dei kvalte meg uti silkjesæng.
15. Så lae di meg i ei knippe høy
så førde di meg på ville hei.
16. Så kjørrde di meg ivi grøne jor
sea sekkte di meg ne'i ei kjønn så stor.
17. Men æ du ein utav mi ætt
så skå du føre mi sak i rett."
18. "Ja skå eg endeleg te 'an gå
så vondt ett mot så skå'en få'."
Ekstra opplysninger