[BIN: 0686]
Liti Kjersti og bergekongen.
Margit Hjukse
(fleire alternative titlar)Oppskrift udatert av Rolf Myklebust etter ukjent sanger, uten lokalisering .
| 1. | Å Venelite rei seg i sin fagre faders går(d). Då ser ho bergekongjen fram for seg mon stå. -Tirelirlil haugen min. Å dei leikar så lett gjennom lunden. - |
| 2. | Å höyr du Venelite kva eg seier deg. No skal du te' bergjet heim fylgja med meg. |
| 3. | Så rei dei gjennom så lange ein skog. Å Venelite gret å men bergekongjen lo. |
| 4. | Så rei dei det bergjet tri gongur omkring. Og bergjet det seg opna og dei gingo inn. |
| 5. | Så sette han fram ein forgyllande stol. Set deg ned Venelite tröytt og færemo. |
| 6. | Så skjenkte han i både mjö' og vin. Å kjære Venelite du drikke meg te. |
| 7. | Den fyrste drykkjen ho av mjöglaset drakk. Dei kristne mands londo ho endå gat. |
| 8. | Den andre drykkjen ho av mjöglaset drakk. Dei kristne mands londo ho endå gat. |
| 9. | Den tredje drykkjen ho av mjöglaset drakk. Dei kristne mands londo ho alli mei gat. |
| 10. | Å höri er du födde og höri er du bore. Å höri er dine jomfrukledi skorne. |
| 11. | I bergjet er eg född og i bergjet er eg bore. I bergjet der er mine jomfrukledi skorne.
|