[BIN: 0675]

Liti Kjersti og bergekongen.
Margit Hjukse

(fleire alternative titlar)

Oppskrift udatert av Rikard Berge etter syster til Gunnhild Raumdal, Laardal, Telemark.

1. Aa draanningji tala ti dottera si
-Till lill lill hougjen min -
den hvite melk har ronne or bryste paa deg.
- De leikar so lett igjenom lunden-
2. De er ikkje melk men dæ bare synas' saa
de er udav mjøen som vi drak a' igjaar.
3. De æ naa tvo ting som æ saa ulik
fe mjøen æ brun aa melken er hvid.
4. De nyttar kje lenger aa dylje fe deg
aa elvekaangjen hev lokka meg.
5. Aa hev naa elvekaangjen lokka deg
hott fær gaavur hev'e han gjeve deg.
6. Han gav meg ei horpe av gull
som eg skulle slaa paa naar eg va' sørgjefull.
7. Han [gav meg] ein silkjeserk
den hev eg slite me sve aa verk.
8. [Han gav meg] dei søllspente sko
dei hev eg slite mæ stor uro.
9. [Han gav meg] de roue gullband
der kaam aller bære paa draanningjis arm.
10. So slo 'o paa den fysste streng
de hørde elvekongjen i si seng.
11. [So slo 'o paa den] andre streng
elvekongjen tala ti liten smaadreng.
12. [So slo 'o paa den] trea streng
aa statt no opp aa saav ikkje leng.
13. [So slo 'o paa den] fjore streng
elvekongjen klædde seg fer si seng.
14. No salar du ut gangaren graa
aa saa rie me kaan ti kaangens gaar.
15. Elvekongjen kjem seg rians i gaar
liti Kjersti uttafer dynna staar.
16. Han klappa liti Kjersti paa hvitan kjinn
konn du kje lenger dylja fer moderen din.
17. No pakkar du alt ditt gull udi skrin
fer no hev eg sala ut gangaren min.
18. Elvekongjen ha' den gangaren spak
han lyfte liti Kjersti aa sette ho bak.
19. Synes du vegjen æ for lang
hell synes du salen æ for trang.
20. Eg syns ikkji salen æ [for trang]
men eg synes vegjen [æ for lang.]
21. Aa tappe no i ei kaanne mæ vin
tri villakorn1 du legg uti.
1ville korn
22. Aa hor æ du fødd aa hor æ du boren
aa hor' æ alle dine gaangklæer skoren.
23. I norje æ eg [fødd aa i Norje æ eg boren]
i Norje æ alle [mine gaangklæer skoren.]
24. Den fysste drykk ho av kaanna drakk
daa gløymd' 'o bort hokken hennar ha' skapt.
25. Aa hore æ du fødd [aa hore æ du boren]
aa hore æ [dine gaangklæer skoren.]
26. I bergje æ eg fødd aa i bergje æ eg boren
aa i bergje æ alle mine gaangklæer skoren.
Ekstra opplysninger