[BIN: 0588]

Harpespelet tvingar nøkken.
Villemann og Magnhild.
Gudmund og Signeliti

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1906 av Rikard Berge etter Hæge Postmyr, Nissedal, Telemark .

1. Villfar rei ivi heide
-den lange naatt -
etter si syster aa leite.
-Meg tvingar elskov -
2. Han rei ivi dy aa dikje
aa ivi sju kongerikje.
3. Ha rei [ivi] berg aa dalar
aa ivi sju møyesalar.
4. Villfar han kaam rianes i gaar
havfruga ute for haanom staar.
5. Naa hev eg aller sett venare viv
[sia] eg saag Syllklare systeri mi.
6. Ikkje æ eg so vent eit viv
men du sille sjaa Isimo terna mi.
7. Venare ho mæ sitt bare haar
hell eg æ mæ mi gullkrone paa.
8. V[enare ho mæ sin] bare fot
hell eg [æ mæ] min røde gullsko.
9. Egj gjeve deg gull aa grøne skog
maa eg faa tala mæ hennar eit or.
10. Hav du sjav baade g[ull] og skog
du kann a faa tala hennar eit or.
11. Havfruga reiser at lofte inn
vekkjer upp Isimo ternen min.
12. Statt upp Isimo klæ deg paa
du sko inn for ein kristen mann staa.
13. Hosse kann eg fe kristen mann staa
eg hev kje sett kristne paa 15 aar.
14. So trekt'o paa seg ein silkjesokk
daa 'o sette seg paa sengjestokk.
15. Isimo va kje beltevand
ho slengde om seg sitt røde gullband.
16. Isimo inn ikring dynni steig
daa va 'o blanke som soli skjein.
17. Villfar tukka te hæna ein stol
sit ne skjøn jomfru aa kvil din fot.
18. Eg æ kje trøtt eg kann vel staa
segg meg dit æren' so vi' eg gaa.
19. Høyr du jaamfru eg spørje deg maa
segg meg hor' du æ ætta ifraa.
20. Kongjen va min far aa draanningji mi mor
aa Villfar heitte min øngste bror.
21. Va Villfar øngste broeren din
so æ Isimo systeren min.
22. Høyre du Isimo eg spørje deg maa
vi du fygje meg heimaatte naa.
23. So gjønne som eg de gjore
naar eg bare for havfruva tore.
24. Reis naa at lofte samle gulle i skrin
mæ eg salar graa gangaren min.
25. Villfar lyfte paa høgan hatt
aa hav naa havfruv' so mange takk.
26. Havfruva upp-i sengji steig
naa trur eg ingjen kristen mann mei.
27. Villfar kaam heim te sin faers gaar
hans gamle moer ute staar.
28. Høyrer du Villfar sonen min
hor hev du fengje den jaamfru so fin.
29. Høyrer du draanning eg spørje deg maa
hot heve deg hendt paa 15 aar.
30. De hendte meg de paa 15 [aar]
at mi øngste dotter blei stolen ifraa.
31. Blei di dotter deg stolen ifraa
so sko du hennar atte faa sjaa.
32. Kongjen aa draanningji blei so gla
dei drakk aa dansa baat naatt aa dag.
Ekstra opplysninger