[BIN: 0587]

Harpespelet tvingar nøkken.
Villemann og Magnhild.
Gudmund og Signeliti

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1907 av John Lie etter Olav Tortveit, Minnesota, U.S.A .

1. Villfar fór yvi heio
-Den lange nott -
etter si syster han leita.
-Meg tvingar elskhug -
2. Han reid yvi dy og dike
og yvi sjau kungeriki.
3. Han reid yvi dy og dalar
og yvi sjau møyar-salar.
4. Villfar kom seg riand i gaard
elvekvinna uti for honom staar.
5. Aller hev eg set venare møy
og aller hev eg set gullet meir.
6. Eg hev ei terne uppi mit bur
venar' enn eg kor du ho snur.
7. Ja eg er ikkje so vent eit viv
du skull' sjaa Isimo terna mi.
8. Venare er ho med berre haar
enn eg er med mi gullkrone paa.
9. Venare er ho med berre fing
enn eg er med min raude gullring.
10. Venare er ho med berre fot
enn eg er med min raude gullsko.
11. Aa eg gjev deg baade gull og fe
kallar du meg terna av bure ned.
12. Aa eg skal gjeva deg gull og jord
maa eg faa tala med hennar eit ord.
13. Sjølv maa du hava dit gull og jord
du kan vel faa tala med hennar eit ord.
14. Elvekvinna upp i bure gjekk
kalla so Isimo fekk ein støkk.
15. Statt upp Isimo klæd deg paa
du skal inn vera skjenkjar no
16. Statt upp Isimo klæd deg paa
du skal inn for ein kristenmann gaa.
17. Aa hossi skal den skjenkjen gaa
eg hev 'kje set soli paa femten aar
18. Aa hossi kan eg for kristenmann gaa
eg hev 'kje set kristmann paa femten aar.
19. Isimo ha paa seg skjurta ny
med gullet allestad sydd og prydd.
20. Aa ho ha paa seg den silkeserk
nie møyars vinterverk.
21. Aa ho ha paa seg den stakken blaa
gullet laag etter kvar den traa.
22. Aa ho ha paa seg den stakken raud
gullet laag etter kvar den saum.
23. Aa Isimo var ikkji bandevand
ho slengde kring seg det raude gullband.
24. Aa Isimo var ikkje beltestor
ho spende kring seg den raude gullgjord.
25. Aa Isimo sette seg paa sengestokk
so drog ho paa seg den silkesokk.
26. Aa Isimo ned paa golvi trod
so smette ho paa seg raude gullsko.
27. So gjekk ho seg at bekkji
sit gulle haar ho rekkjer.
28. Ho tvaadde haaret i skire vann
so greidde ho etter med sylvarkam.
29. Og Isimo slo sit haaret ut
so sette ho paa det raude gullskruv.
30. Daa Isimo inn for bordet steig
dei visste 'kje anna hell soli skein.
31. Og Villfar tykka ein liten stol
sit ned skøn jomfru og kvil din fot.
32. Eg er 'kje so trøyt eg kan vel staa
segj' meg dit erind so vil eg gaa.
33. Og Isimo skjenkte so lengji
til elvekvinna laut at sengji.
34. Høyr du Isimo eg spyrje deg maa
kor er du no ætta og ala ifraa.
35. Konge var far min og droning min mor
og Villfar het han min yngste bror.
36. Daa rann der taarir paa Villfars kinn
so er du Sylvklar kjær syster min.
37. Aa høyr no Sylvklar det eg segjer deg
lyster du 'kje heimatt aa fylgje med meg.
38. Du veit eg gjønne det gjorde
naar eg for elvekvinna torde.
39. Villfar saag uti runebok
elvekvinna ligg' no so langt av krok.
40. I femten aar deg runorne batt
med sterkare runor eg tek deg att.
41. Sanke no saman ditt gull i skrin
so vil eg sadle ut gangaren fin.
42. Villfar ha seg ein gangar spak
han sette Sylvklar uppaa hans bak.
43. Og Villfar lyfte paa høgan hatt
liv væl elvekvinne, tak Sylvklar att.
44. Aa elvekvinna seg reiste i seng
no trur eg aldri ein kristmann leng.
45. Og elvekvinna vart so eittrande vond
i flintesteinar so flaug ho sund.
46. Villfar kom seg ridand i gaard
hans sæle droningmor ute staar.
47. Velkomen Villfar kjær sonen min
hori hev du fengje den jomfru fin.
48. Heil sæl eg helsar, von di 'kje maar
ei ædeleg terne i tenest i aar.
49. Ja kan du veva og kan du baka
og kan du skinne for kongen maka.
50. Eg kan veva og eg kan baka
men aldri skinne for kongen maka.
52. Eg tøvd' aldri valmaal med sylvspente sko
og aldri paa serken var stampelo.
53. Aa Sylvklar raude gullveven rende
og sjølv so vov ho den veven til ende.
54. Og veven hennar var seksfald skjeft
gullet gima i varp og veft.
55. Ho vov i hare ho vov i hind
ho vov seg sjølv med dei bleike kinn.
56. Ho vov i maane ho vov i sol
ho vov seg sjølv med sylvspente sko.
57. Daa ho ha vovi den veven ned
so la ho den for droningis kne.
58. Og daa som droningi veven saag
Krist signe fingarne dine smaa.
59. Høyrer du droning eg spørja maa
hot hendte der deg sidan femten aar.
60. De meg hendte si fenten aar
mi eldste dotter vart stolen meg fraa.
61. Og vart di eldste dotter deg stolen fraa
so skal du her hennar atter faa.
62. Kongen og droningi vart so gla
baade nott og dag dei dansa og kva.
Ekstra opplysninger