[BIN: 3496]

Ungen Sveidal

Oppskrift 1909 av Torkel Oftelie etter Olav Tortveit, (Fyresdal, Telemark), Buffalo River, Minnsota, USA .

1. De var ungan Svegder,
tok han til aa kalle
so hart paa sæle moer si,
at de høyrdest i hougar alle.
-Du talar dei ori væl. -
2. Kven er den meg vekkjer
aa brukar slike or,
at eg maa ikkje liggje i fre
under den svarte jor.
3. De er ungan Svegder,
allekjæraste sonen din,
han ville so gjønni hava gott raa
av kjære moeri sin.
4. Eg hev fengje ei sjukmor,
ho vil for min lagna raa,
aa ho hev lagt meg runir paa
for den eg alli saag.
5. Aa eg ska gjeva deg snekkja,
aa den ska vera deg go,
ho løype so lett paa den grønan eng
som ut paa den villan fjor.
6. Aa eg ska gjeva deg folen,
aa den ska bera deg fram,
han løype so lett paa den villan fjor
som paa den grønan eng.
7. Aa eg ska gjeva deg dukjen
er gjord av aaker-ull;
all den mat, du ynskjer deg
ska stande paa bore full.
8. Aa eg skal gjeva deg dyre honn,
dei ero lagde med gull;
all den drykk, du ynskjer deg,
ska standa for deg full.
9. Aa eg ska gjeva deg svære,
dei kallar for dvergemaal;
naar du gjeng i den villan skog,
de lyser for deg som eit baal.
10. Me de ska du uvette vega,
som du møter i høgd og lægd;
me de ska du runir døyve
og vinne deg fe og frægd.
11. Aa naar du den møyi møter,
som lagd er i langan traa,
daa vert du kje svikjen, kjær sonen min,
av sjukmor sitt vonde raa.
12. So gjenge du deg aat bure
aa ræddast kje nokon ting;
er du den rette Svegder,
so gjenge du hugheilt inn.
-Du talar dei ori væl-
Ekstra opplysninger