[BIN: 0347]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1879 av Ivar Mortensson (Egnund) etter ukjent sanger . Lårdal, Telemark .

1. Rikebald å Gullbor sat fyri bor
-Fyri våe -
di tala så mangt et skjemtandes or.
- Fyri londo so ska me kon råe-
2. Å hør no du Gullbor hot eg spyr deg
lyster du av lande fygje mæ meg.
3. Å æ de no sant de du segjer te meg
so gjenne so vi eg rie me deg.
4. Å Rikebald salar ut gangaren grå
so lyfte han Gullbor der up-på.
5. So sette han henne på hesten fyrst
å gullskrine sette han på hennas bryst.
6. Å Rikebald sjav på hesten sprang
å sporan onde sporane klang.
7. Å då di kom seg utpå de ton
då mødte dei seg ein liten greiveson.
8. Å høyr nå du Rikebald hot eg spyr deg
hot æ de fyr ei jomfru du flyt me deg.
9. Å de æ nå mi yngste syster
eg flyt a no heim ifrå dei kloster.
10. Å kjære Rikebald du dyl ikkje fe meg
eg kjende liti Gullbor før eg kjende deg.
11. Rikebald han tok sitt sver i den høyre hånd
so hoggji han den greve å greveson sond.
12. Å som di kom seg litt lenger fram
der møtti di ein liten dreng.
13. Å kjære min Rikebald du sparer dit sver
eg ska 'kje anten nævne Gullbor hell deg.
14. ..........
den frånarheste han sprengde.
15. Å høyr no du konge hot eg segjer deg
å Rikebald reiser me datter din.
16. Å kongen han blei no so ille derve
den brone mjøden han spilte ne.
17. Å kongen han blei no so ille ve ho
den brone mjøen han spilte på bor.
18. Å Gullbor ho glost bakum her
ho såg kje skogen fe nakne sver.
19. Å høyr no du Rikebald hot eg spyr deg
hot vi du no anten skogen rie
hell du vi manneleg strie.
20. Før eg vi skogen rie
fyr vi eg mannele strie.
21. Å høyr du Gullbor hot eg segje deg
no ska du kje nevne anten sver hell meg.
22. Å Rikebald hoggi den fyrste flokk
å sjau av Gullbors brøar me gule lokk.
23. Å Rikebald, Rikebald, du stiller dit sver
å bete so æ mine brøar ver.
24. Å Rikebald riste på bloute sver
å ha du kje vore Gullbor, hot va du vel ver.
25. Å Rikebald riste på bloute sver
å ha du kje vore Gullbor, so galt de ditt liv.
26. Å kjære mi Gullbor, hot lite du kann
no monar de lite alle dine snøreband.
27. Å kjære mi Gullbor, hot lite du veit
du må væl skjønne ein mann som vi døy.
Ekstra opplysninger