[BIN: 0328]

Rikeball og Gudbjørg.
Veneros og Ølberg

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1857 av Sophus Bugge etter Torbjør Midbøn, Kviteseid, Telemark .


a

1. Rikeball å Gullbør di sat ivi bor
-fyri våe -
di tala så mangt et skjemtandes or.
-Fyrri låndo så ville vi råe -
2. Høyrer du Gullbør, hot eg spyr deg
lyster du av lande å reise mæ meg.
3. Inkje eg vi' å inkje eg kann
eg fryktar min faer å festarmann.
4. Eg ska' føre deg på den øy
sorgjelaus1 liva å syndeslaus døy.
1syrgjelaus
5. Dær veks ikkje ana te gras hell lauk
dær gjæl ikkje a'n fugl hell gauk.
6. Gullbør ho samla sitt gull i skrin
Rikeball sala ut gangaren sin.
7. Som di kom deg på vegjen fram
dær møtte dei ein liten smådreng2.
2gamalle mann
("Sangersken troede, at mellem V. 7 og 8 Noget mangled".)
8. Hær sit du kungjen, drikk mjø å vin
å Rikeball reiser mæ datteren din.
9. Kungjen han råpte over hele sin går
kjære hofmenn, trekk brynjunne på.
10. Rikeball såg seg att på hær
han såg ikkje skogjen før blanke svær.
11. Høyre du Gullbør, hot eg segje deg
du må no 'kje nevna anten svære hell eg.
12. Rikeball høgje den fyste flokk
_______________________
13. Rikeball høgje den anen gang
Gullbørses faer å festarmann.
14. Rikeball, Rikeball, still ditt svær
bære så var no min faer vær.
15. Men då di hørde dæ kvindemål
då fekk den herre femten dødeleg sår.
16. Ho smøgde gullsmykkje av sin arm
å batt dæ ikring, så 'kje bloe rann.
17. Kjære mi Gullbør, kor lite du kann
slett ikkje hjelper dæ snøreband3.
3du kan ikkje skjønne på ein halldø mann
18. Di rei seg igjenom rosens lund
dær kom ikkje ore av Rikeballs munn.
19. Høyre du Rikeball, hot eg spyr deg
hot ær dæ for bleike viv du flyr mæ deg.
20. Å dæ æ no 'kje undrands4 at Gullbør ær bleik
fulla hev' me sta'e så ondeleg5 leik.
4undr
5undeleg
21. Kjære du min broer6, du silar av min hest
å kjære du min faer7, du hentar meg prest.
6faer ?
7broer ?
22. Kjær du mi syster8, du reier upp mi sæng
å kjære du mi moer9, du legger meg i dæn.
8moer ?
9syster ?
23. Min faer honom gjev eg både rikje å land
før han hev fostra meg upp som en mann.
24. Min moer hennar gjev eg mitt røde gullband
før eg hev legji så titt i hennars fang.
25. Mi syster hennar gjev eg min røde gullringj
før ho græter så sårt broeren sin.
26. Min yngste broer honom unner eg best
honom gjev eg Gullbør, som eg hev fest.
27. Eg hev no 'kje mei mæ Gullbør i løyn
hell eg hev mæ min liten småsvein.
28. Bare ei gång eg meg forlyste
eg Gullbør på kinne kyste.
29. Å dæ æ no dæ fyste
tvo brøar kann ikkje ægte ei syster.
30. Å tilegt om morgon då dagjen blev lys
så låg dær tri lik i Rikeballs hus.
31. Først Rikeball, andet hans mø
å tredje hans moder av sorgjen mått' dø.
Ekstra opplysninger