[BIN: 0152]
Rike Rodenigård og ørna
Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Aaste Rikardsdotter Espeli, Eidsborg, Lårdal, Telemark .
1. | Høyr du de du rike Rodus i går kvi gjenge du i skogjen aleini hor æ' din høk hor æ' din hund hor æ' dine mange smådrengjir. -Der galer og [en ørn i Beiarlunden så] lengje - |
2. | Somme æ på den viddan hei å sko dei vidde dyri skjote some æ' på den saltan fjor å sko dei bylgjunne brote. |
3. | Høyr [du de du rike Rodus i] går hott heve du laga ti koste femtan av dei feitan ku å derte femta kolhestar. |
4. | Hav du sjav di [feitan] ku å d[erte femta kol]hestar eg vi' hava dine fostredøttar tvo som du hev no fostra. |
5. | Eg heve no dei uppfostra frå deires faer falt ifrå Gud bære dei fatike fairslaus bonn sko dei so illi burtgå. |
6. | Høyr [du de du rike Rodus i] går eg sko gjera deg større harm eg sko eta upp di festarmøy mæ ho ligge på din arm. |
7. | De va rike Rodus i går han lutte alt unde ein stein so skreiv 'en upp dei ramme ronir alt på den ørnefjær. |
8. | Høyr [du de du rike Rodus i] går eg sko gjeva deg so mykje gull meste du æ' go for tyggje vi' du løyse av meg dei sterke jønnbånd som unde min' vengjinne ligg'e. |
9. | Mæ jønnbåndi sko du liva mæ [jønnbåndi sko du] døy so glatt rie rike Rodus i går heimatt ti si festarmøy.
|