[BIN: 0149]
Møya i linda.
Linda
(fleire alternative titlar)Oppskrift ca. 1900 av John Lie etter Olav Tortveit o.a., (Fyresdal, Telemark), Buffalo River, Minnesota, U.S.A .
| 1. | Um tala bruri i svali stend kven eig de baani paa golvi gjeng. -Eg venta so længje paa vaaren - |
| 2. | Til svara hennar brurkvendi tvaa de er den herren du skal faa. |
| 3. | Ho gjorde de baani so stygt imot ho skapte de um til ein ulv so ljot. |
| 4. | Ho skapte de um til ein betre ting ho gjorde det til ei lind so fin. |
| 5. | Signelill akslar si kaapa blaa so gjeng ho seg der lindi staar. |
| 6. | Vaarherre velsigne denne lind! alstøtt so stend ho like fin. |
| 7. | Signelill, Signelill spott ikkje meg betre heve du heime hjaa deg. |
| 8. | Du sit inne og tvær din fot eg stend ute med frosi rot. |
| 9. | Du sit inne og tvær din kropp eg stend ute med frosen topp. |
| 10. | Du sit inne og tvaar dit haar eg stend ute baa haust og vaar. |
| 11. | Dei rike riddarar gjeng til deg, og timbremannen han gjeng til meg. |
| 12. | So høgge dei meg til kyrkjeskruv der sturer so mang ei sorrigfull brur. |
| 13. | So høgge dei meg til altartre der bøygjer so mang ein syndar sit kne. |
| 14. | Dei høgge meg til fote-pall paa meg trør bruri med foten kall. |
| 15. | Dei høgge meg til sengjarstokk eg høyrer so mykje det løyndarsnakk. |
| 16. | Dei høgge meg til tavlebrett der leikar gulltærning um jomfruga lett. |
| 17. | Dei riddarar gode til gaman o harm - kven skal faa sova i hennar arm? |
| 18. | Signelill akslar paa kaapa blaa so gjeng ho lindi graatande fraa. |
| 19. | So hoggje ho lindi i kvar den rot og gjorde derav ei jomfru god.
|