[BIN: 0122]

Ramnen som ber bod

Oppskrift 1857 av Sophus Bugge etter Tov Kvæven, Vrådal, Kviteseid, Telemark .

1. Ravnen flaug yvi så myrkt eitt hav
-De sigler1 med fløy -
her va' notti å ingjen dag.
-Dei gifter sin' systar ti Samsøy -
1siglde
2. Elebjør site for gluggji
so ser ho ravnens skuggji.
3. Kjære min ravn du set deg ne
eg heve noko fortelje deg.
4. Eg gjeve deg mi kåpe blå
vi' du gjera bo' i ti Elebrands går.
5. Hossi kann eg gjera bo' i for deg
du hev ikkje bræv hell bokstavar for meg.
6. Eg gjeve deg min syllspente sko
[vi' du gjera bo' i] te broi min.
7. Hav du sjov di kåpe blå
eg sko gjera boi te Elebrands går.
8. Ravnen skar seg i si eigjo klo
så skreiv han mæ sitt eigji blo.
9. [Ravnen] begynte te fluge
dei lange milir å druge.
10. Han klappa på dynni mæ finganne små
du stend upp Elebjør skrei lokunn ifrå.
11. Hosse kann eg [skreie lokunn ifrå]
dei æ' bundne båe mine hendar små.
Ekstra opplysninger