[BIN: 0091]

Liten Lavrans

Oppskrift 1907 av Torleiv Hannaas etter Svein Knutsson Tveiten (Hovden), Bykle, Setesdal, Aust-Agder og Grungedal, Vinje, Telemark .

1. Sittje no her smådrengjinne mine
og drikkje av sylvarskålir
sjave so jeng eg i stallhusi
å høyrer på folamåli.
2. Eg sko silkja å skarlakjen
unde din søyle sjera
vi du a fagre Sigri-rosa
i morgo ti kyrkje bera.
3. Nei du tar kje [silkje å skarlakjen]
unde min [søyle sjera]
då ber eg helle min kjære far
um de sille nokon vera.
4. Konjen jekk inn va vrei i hug
å strie rann tårir på kjinn
å skamm forlåte deg Sigri-rosa
kvi umskapte du sonen min.
5. So slo ho ti 'n mæ tussegreipen
han datt unde hogg å svi1
so skapt o dei um i tvo skogebjønnar
dei2 jeng unde fagre li.
1han måtte unde hoggji lute
2som
6. Men eg ska jeve deg den sæle-bot
at konje du blive kann
um du teke sonen3 o moyris maji
å føer de upp ti mann.
3båni
7. - - - - -
Du ha vore so vent eit sjukmorsemne
hadde de inkje vore svika blo.

Ekstra opplysninger

Orig. ms. EFI T. Hannaas 407, 48 (NFS, kopi) med overskrift Den falske Sigri-rosa.

Ho var dronning og skapte um ein kongsson, sjukson sin, til hest. Daa hestarne kom heim kom stalldrengen inn og sae at der var ein fole som kunde tala.Merknader og retting: I margen mellom str. 1 og 2 står Fekk inkje hesten til tala; 5.1 ho er retta til o; 5.2 han er retta til dei; 7.2 ut for svika blo står at ho var trollheks; over str. 7 står sjuksonen sagde til mor si; under oppskrifta står Daa slo ho til 'n med tussegreinen og gjorde'n ti ein fole. Prenta i Norsk Aarbok 1921 s. 154-55 samanstøypt med var. XVII. Sjå var. XX.