[BIN: 0069]

Møy i ulveham

Oppskrift 1913 av Rikard Berge etter Jorunn Storelid, Fyresdal, Telemark .

1. Eg va' meg i de aattende aar
daa fekk eg meg ei stemoder so gram.
-Imot den blie sommaar -
2. Eg va meg ei jaamfru so skjøn
ho skapte meg i ei lind so grøn.
3. Naar are sit inne aa klær sin kropp
daa ska du stande mæ frosen topp.
4. Naar are lindir fedder løv
so ska du stande like grøn.
5. Dei høgg av deg kjørkjekamm
du skjuler so mangein søndug'e mann.
6. Dei høgg av deg de kjørkjeskruv
du skjuler so mangei sønduge brur.
7. Dei høgg [av deg] de altartre
paa deg bøygjer so mangt eit søndugt kne.
8. Mæ eg va' som best
adde dei gjillaste bruka meg mest.
9. De tross mi stimor allerverst
at adde dei [gjillaste bruka meg mest].
10. So skapte ho meg i eit liti svær
so bou 'o meg fara i mannefær.
11. So skapte ho meg i ei liti naal
at eg sille ti skraddaren aa gaa.
12. So skapte [ho meg i ein] liten 'niv
at eg sille fara i manneliv.
13. So skapt' 'o meg i ein ulv so graa
at eg sille paa skogjen gaa.
14. Ho sa at eg sille kji faa bot
for eg ha' drukkji manneblo.
15. Mi stemor sat heimi i 8 aar
ho tor kji ti kjørkje fø veiren graa.
16. Som de lei i niende aar
daa vil mi stem[or] ti kjørkja gaa.
17. Som 'o kaam seg paa vegjen fram
so møtt' 'o ulven baa vrei aa gram.
18. So tok 'an hennar i kaapa blaa
aa rykte hena av gangaren graa.
19. So tok ['an hennar] i silkjeskout
so rykt' 'an 'o aat vegabrout.
20. So reiv 'an ut hennes hjarterot
so fekk 'an drikke av manneblo.
21. Daa blei 'o ti ei jaamfru fin
so reiser 'o heim-att ti moderen sin.
Ekstra opplysninger