[BIN: 0055]

Ramnen ber bod

Oppskrift 1864 av Sophus Bugge etter Guro Åsland, Mo, Telemark .

1. Lengji heve eg mæ åro rótt
å maka heve eg kjeipa
femtan huir i hanskanne sliti
so såre gjerest mine greipar.
2. Lengji heve eg mæ åro rótt
ti hue hev losna frå lóvo
endå lenge ette gjentunne sprungji
no æ de o adde vonir.
3. Høyrer du de du vildan ravn'e
so talar eg ti deg
vi' du deg på eit anna land
å beile ti møyo fyr meg.
4. Hossi kan eg på anna landi
å bele ti møyo fyr deg
eg hev inkje anten bræv hell ronir
å gjeva møyo frå deg.
5. Vi du på anna landi
å bele ti møyo fyr meg
du ska få bådi bræv å ronir
å gjeva der møyo frå meg.
6. De va no den vildan ravnen
han sette seg på ein stol
so toke dei dei gullstykkje
næste punde den ravneflo.
7. Ravnen sete si vengjir i veiri
fauk han ivi hav
alt ti han kom uppå anna landi
der Asaliborgje va'.
8. Ravnen settest i fremri stavnen
han rister å skjeke si' vengjir
statt upp fruva Asaliborgji
leike mæ kåte drengjir.
9. Gakk du deg utå vollunne
der grengjinne lyt'e døy
å gakk kji pi høieloft
å bele ti so ven ei møy.
10. Gakk [du deg utå] vollunne
der dr[engjinne] læte liv
[å gakk kji pi høie] loft
[å bele ti so] vent eit viv.
11. Du tar ikkji fru Asali
spotte meg um eg heve drukkji blo
tri so våre me follogje
vonde æ' alli go.
12. Tri so våre me kongens sønir
å alle våre me frie
den eine blei skapt i ein franaorm'e
han skrie der neri lie.
13. Den are blei skapt i ein fjørugstein'e
han ligg'e so jupt i ein dal
anten eg fyke nettar hell ljosan dagar
so kviler eg meg deruppå.
14. Han tok upp dei gullstykkje
å kasta i Asalis fang
tak mæ fruva Asaliborgje
å ver 'kji so belevand.
15. Hev 'en de i sinom segni
at han vi ti meg gange
so let han då sitt orlogsskip
mæ rødegulli stande.
16. Hev han [de i sinom] segni
[at han vi ti meg] fri
so let [han då sitt orlogsskip
mæ rødegulli] skrie.
17. Ramnen sette si vengjer i veiri
fauk en ive hav
han fouk nettar å ljosan dagar
ingjo to gne gav.
18. [Han fauk nettar å ljosan dagar
ingjo togne gav]
fyrr en kom på anna landi
der ungan Alv 'e va'.
19. Ramnen settest i fremri stavnen
rister å skjeke si vengjer
sæle æ du ungan Alve
fyr sendebo du hev fengji.
20. Heve du de i dinom segni
at du vi ti 'a gange
so let du ditt o[rlogsskip
mæ rødegulli] stande.
21. [Heve du de i dinom segni
at du vi ti 'a] fri
[so let du ditt orlogsskip
mæ rødegulli] skrie.
22. Den va årlig um morgoen
sole ho skine på tindi
då rise ungan Alve upp
å legge på forgylte grimur.
23. De [va årlig um] morgoen
sole ho skjein i dale
då [rise ungan Alve upp
å] legge [på forgylte] salar.
24. De va han ungan Alve
han kjeme seg riand i går
de va' hennes sæle fair
han uti fyr hånom står.
25. Høyr du de du ungan Alve
gakk deg i stoga inn
mæ eg gjenge upp i høieloft
å vekkjer upp dotte mi.
26. Høyrer du fruva Asaliborgje
no heve du sovi lengje
statt no upp å vakre deg
å leike mæ kåte drengjer.
27. De va fruva Asaliborgje
ho maka på horpestrengjir
hossi likar du nå min sæla fair
gjestinne heve du fengji.
28. Der æ moro i lofti vera
der brurinne klæer seg inni
dei turve ikkje ljosi bera
de lyser av plomekinni.
29. Silkji å skarlaken
blei ette svalinne breidde
so blei fruva Asaliborgje
inni stoga leidd'e.
30. De va fruva Asaliborgje
inni igjænom dynne steig
de va han ungan Alve
o stolen imot æ reis.
31. So tek en upp dei gulljakkur
dei hekk uti liljur fem
høyr du fruva Asaliborgje
rekk meg hånde den.
32. Han [tek upp dei gull]jakkur
(dei hekk uti liljur) ni
høyrer [du fruva Asaliborgje
rekk meg] hånde hit.
33. Han [tek upp dei gulljakkur
dei hekk uti] liljebånd
då lyster fruva Asaliborgje
gjev [a] burt si kvite hånd.
34. Silkji å skarlak
bleiv ette jore breidde
so bleiv fruva Asaliborgje
neat strånde leidd'e.
35. Der æ moro på strånde vera
der brurinne bli leidde ti lande
bukkebeinen å elvesteinen
dei spila på kvite sanden.
Ekstra opplysninger