[BIN: 0037]

Jomfrua Ingebjørg.
Jomfru i fugleham

(fleire alternative titlar)

Oppskrift 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Bjønnemyr, Mo, Telemark .

1. De va' strie sjukmore
ho frammafyr sengje sto
statt upp fruva Ingjebjør
so årli å so skjott.
-Men hori sko' svennen finne si skjøne jomfruva -
2. Upp sto fruva Ingjebjør
so årli å so brått
å då ho fór ut i hindehamen
so hjarteleg ho gret.
3. De va rike Herepær
han vakna å um seg såg
å burti va fruva Ingjebjør
som på hass armen låg.
4. Han sette snora i kvor den kro
der hinde va' vani ti gange
men den hinde va' so varig um seg
ho ville ikkje lata seg fange.
5. Ho la neri hass hovdegjår
finganne av gulle fem
de va han ti sug å sorg
kvor dagjen såg han på den.
6. Ho [la neri hass hovdegjår]
gulli av finganne ni
[de va han ti sug å sorg
kvor dagjen] han såg [på] di.
7. Han sette snora i kvor den kro
som hinde va vani ti kroke
den hinde ho va so vorig um seg
ho ville inkje lata seg nópe.
8. De va' då rike Herepær tok økse på sitt bak
å hoggje alt mæd han måtte
alt ti han kom ti mannen den
som ædeleg skogjen åtte.
9. Høyrer du rike Herepær
du hogg inkje ne min skog
du fanger inkje den vilde hind
foruden de manneblo.
10. Han skar eitt stykkji o armen sin
å kasta de hågt uppi kvisti
den hinde ho gol, ho skreik so hågt
ho ville 'en Herepær giste.
11. Ho sette seg på sadelsbogji
ho plukkar seg som ei duve
so smaug ho oto hindehamen
den rike stolte jomfruva.
-Men no heve svennen funni [si skjøne jomfruva] -
12. Å takk hav' goe Herepær
fyr adde go råinne sine
sjukmor mi sit i troddebotnen
å græte ho syndinne sine.
- Men no heve [svennen funni si skjøne jomfruva] -
13. No æ stoltan fru Ingjebjør
forsvunni si store kvie
no søve ho kvor nåtte
mæ rikan Herepærs sie.
14. No hev rikan Herepær
f[orvunni] sin st[ore] harm
no [søve] han [kvor nåtte]
på fruva Ingjebjørs arm.
-Men no [heve svennen funni si skjøne jomfruva] -
Ekstra opplysninger