[BIN: 0025]
Den varande fuglen
Oppskrift 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter Ingeleiv Ramberg, Seljord, Telemark .
1. | Der kom ein fugl af annad land, -ded synger i skòg, - forgylte fjödrir så hadde han. - Den eine geng aldrig utaf din hug.- |
2. | Forgylte fjödrir så hadde han, ded synger i skòg, han sette seg på jomfrubur og sang. Den eine geng aldri utaf din hug. |
3. | Aa höyre du fugl, eg vil deg frega, ded synger i skòg: kvi må 'ki folkid um notti sova? Den eine geng aldri utaf din hug. |
4. | Aa höyre du jomfru, du tar meg 'ki frega, ded synger i skòg, ded er deg både til sorg og trega. Den eine geng aldri utaf din hug. |
5. | Follogo felle meg aldri så tung ded synger i skòg, eg må vel vera glad med' eg er ung. -Den eine geng aldri utaf min hug. - |
6. | Aa du skal no eige dei bòni ni, ded synger i skòg, din yngste broder er fader til di. Den eine geng aldri utaf din hug. ------------------ |
7. | Jomfruga akslar si kåpe blå, ded synger i skòg, så reiste hon seg der herre Pér låg. Den eine geng aldrig utaf din hug. |
8. | Hon klappad på dynni med finganne små. ded synger i skòg, statt up herr' Peder, skreid loko ifrå! Den eine geng aldri utaf din hug. |
9. | Aa ingin så heve eg stevne sett, ded synger i skòg, og ingin lukkar eg in um nott. Den eine geng aldri utaf din hug. |
10. | Hennas hendar var kvite, hennas fingar var små, ded synger i skòg, så skreidde hon dei lokunn båd til og ifrå. Den eine geng aldri uaf din hug. |
11. | Så sette hon seg på eit litid skrin, ded synger i skòg: du seje meg nokot af draumen din! Den eine geng aldri utaf din hug. |
12. | Eg dröymde, eg var i fremande land, ded synger i skòg, dei nie voksljòs eg hélt i mi hand. Den eine geng aldri utaf din hug. |
13. | Dei åtte fekk eg til brenne, ded synger i skòg, ded niende fekk eg 'ki tende. Den eine geng aldri utaf din hug. |
14. | Sant hjölpe meg Gud og den Helligånd, ded synger i skòg, så vist ded var sant som fuglen sång! Den eine geng aldri utaf din hug. -------------------- |
15. | Så tòk dei seg kvoradre i hand, ded synger i skòg, så vandrad dei stad til fremande land. Den eine geng aldri utaf din hug. |
16. | Så var dei burte dei årinne tie, ded synger i skòg, då ha' dei avlad dei bòni nie. Den eine geng aldrig utaf din hug. |
17. | Dei tvo vart vigde prestar, ded synger i skòg, dei andre tvo böndar beste. Den eine geng aldri utaf din hug. |
18. | Den femte og sétte næst kongins råd, ded synger i skòg, den sjauende og åttende ivir Danmark både - (rådde). Den eine geng aldri utaf min hug. |
19. | Den niende vart eit verlaust bån, ded synger i skòg, vandrad årle og silde - vart brend på bål. Den eine geng aldri utaf min hug.
|