[BIN: 0018]
Den varande fuglen
Oppskrift 1857 og 1859 av Sophus Bugge etter Aslaug Askedalen, Vrådal, Kviteseid, Telemark .
| 1. | Der kom ein fugl av fremmende land -Dæ synger på skur - sette seg på jomfruvas bur å sång. -Den eine gjeng aller utav min hug - |
| 2. | Høyrer du fugl hott eg spyr deg. kvi må 'kje folkje om nettanne få sova for deg |
| 3. | Sille du alle dine follogji vita så kunne du aller på jori liva. |
| 4. | Dæ follogje felle meg aller så tungt eg lyte vera glad så lengje eg æ ung. |
| 5. | Du sko´ få dei boni ni de mæ din broer alle di. |
| 6. | Sko eg få di boni ni så seg meg follogje te alle di. |
| 7. | Den fyste å den andre dei sko bli prestar den tree å den fjore bøndanne beste. |
| 8. | Den femte å den sette kungjens rå den sjunde å åttende for lande rå. |
| 9. | Den niende sko blive eitt ærelaust bån årlig å silde brennast på bål. |
| 10. | Sko ho så bli ei ærelaus kvinde sko ho så lie for syndinne mine. |
| 11. | Syster tok på seg kåpa blå så gjekk ho i høieloft der broeren låg. |
| 12. | Eg drømde un dei josi ni eg sille tenne alle di. |
| 13. | Di åtte fekk eg så snarleg te brenne dæ niende fekk eg aller tenne. . |
| 14. | Broer tok syster ved sin hand så reiser han seg i fremmende land. |
| 15. | Di va´ ihopes i åri ti så ha´ dei ihop dei boni ni.
|