[BIN: 0018]

Den varande fuglen

Oppskrift 1857 og 1859 av Sophus Bugge etter Aslaug Askedalen, Vrådal, Kviteseid, Telemark .

1. Der kom ein fugl av fremmende land
-Dæ synger på skur -
sette seg på jomfruvas bur å sång.
-Den eine gjeng aller utav min hug -
2. Høyrer du fugl hott eg spyr deg.
kvi må 'kje folkje om nettanne få sova for deg
3. Sille du alle dine follogji vita
så kunne du aller på jori liva.
4. Dæ follogje felle meg aller så tungt
eg lyte vera glad så lengje eg æ ung.
5. Du sko´ få dei boni ni
de mæ din broer alle di.
6. Sko eg få di boni ni
så seg meg follogje te alle di.
7. Den fyste å den andre dei sko bli prestar
den tree å den fjore bøndanne beste.
8. Den femte å den sette kungjens rå
den sjunde å åttende for lande rå.
9. Den niende sko blive eitt ærelaust bån
årlig å silde brennast på bål.
10. Sko ho så bli ei ærelaus kvinde
sko ho så lie for syndinne mine.
11. Syster tok på seg kåpa blå
så gjekk ho i høieloft der broeren låg.
12. Eg drømde un dei josi ni
eg sille tenne alle di.
13. Di åtte fekk eg så snarleg te brenne
dæ niende fekk eg aller tenne.
.
14. Broer tok syster ved sin hand
så reiser han seg i fremmende land.
15. Di va´ ihopes i åri ti
så ha´ dei ihop dei boni ni.
Ekstra opplysninger