Tilbake til "Om balladar"

Ballademelodiane

allademelodiane kan ikkje seiast å vere ein musikalsk genre. Det einaste dei har til felles er at dei vert sunge til ein tekst vi kallar ballade. Dette gjev ei veldig spennvidde innanfor melodimaterialet, spesielt i alder. Her er alderdommelege melodiar og melodiar som klårt har kome til i nyare tid. å same måten som i annan gammal visesang er det berre ein laus samanheng mellom tekst og melodi. I vår tid er vi vane med at tekst og melodi i ei vise høyrer saman i ei uløyseleg eining. Slik er det ikkje i balladematerialet. Tek vi for oss eit litt større geografisk område, vil vi sjå at same balladetypen gjerne vert sungen til ulike melodiar. Sidan balladane har så få strofeformer kan ein ballademelodi lett brukast på ein annan tekst med same strofeform. Omkvedet, som har ei friare form, er fastare knytt til melodien enn det teksten er. Skal ein bruke ein melodi til ein annan tekst, må anten omkvedet i den nye teksten falla metrisk saman med det gamle, eller så må omkvedet frå den gamle teksten følgje med melodien til den nye teksten.