Balladeprosjektet
okumentasjonsprosjektet er eit landsomfattande prosjekt som skal overføre ulike papirbaserte samlingar over norsk språk og kultur til data. Informasjon som i dag ligg spreidd i ulike arkiv og samlingar, skal konverterast til elektronisk form, for så å danne grunnlaget for eit omfattande informasjonssystem over norsk språk og kultur. Prosjektet tek for seg mange ulike fagområde og er difor delt inn i ulike delprosjekt, som kvar har ansvar for sine arkiv. it av desse delprosjekta, Balladeprosjektet, har ansvaret for dataføringa av innsamla norske folkeviser, eller balladar som dei også vert kalla. Dette delprosjektet er eit samarbeid mellom Avdeling for folkloristikk og Norsk Visearkiv, og siktemålet er å dataføre alle norske folkeviser som vart samla inn i perioden 1840 - 1960. Materialet er omfattande og variert og tek for seg originaldokument med tekst. Til nokre av tekstane finn ein også noteavskrifter og lydopptak.




 
 
 
Originalmaterialet         Konvertering til data:
Tekstmaterialet

        Konvertering til data:
Melodimaterialet